Grønt ikon av familie inne i eit hus beskytta av to hender

Barnevernstenesta treng fritidskontaktar og besøks-/ avlastningsheimar

Hardanger barnevernteneste har jevnleg trong for personar som kan arbeida førebyggjande med barn og ungdom i alderen 0 – 18 år, og familiane deira. Kan du tenkje deg å væra besøksheim/avlstningsheim eller å verta fritidskontakt? Ta då kontakt med Hardanger barnevernteneste på tlf nr: 975 58 511

Fritidskontaktar

Kva er ein fritidskontakt?

Nokre mennesker treng hjelp for å koma seg ut, være saman med andre eller delta på aktivitetar. Fritidskontakten er den hjelparen som bidreg til å gje andre meir meningsfull fritid, auka tru på seg sjølv, noko å sjå fram til og gode minner.

Som fritidskontakt fylgjer du opp eit eller fleire barn ein til to kveldar per veke. Omfanget vil kunne variera, då behova er ulike.

 

Kven kan bli fritidskontakt?

Vi treng fritidskontaktar med ulike erfaringar og interesser. Vi ynskjer å koma i kontakt med deg som likar å arbeide med menneske. Du må være ein påliteleg person, som kan levera ein oppdatert politiattest. Er du i ein stabil livssituasjon og kan binda deg for ein periode, så meld deg gjerne som fritidskontakt.

I utgangspunktet er det ynskjeleg at du er over 18 år, men er du ein moden og ansvarleg ungdom så ta kontakt med oss.

Jobben som fritidskontakt gjev verdifull erfaring for deg som ynskjer å arbeida med andre menneske. Du får opplæring og veiledning, og relevant erfaring å setja på CV-en.

 

Besøksheim/avlastningsheim

Kva er ein besøksheim/avlastningsheim?

Besøksheim/avlastningsheim er ein familie som tek imot eit barn eller eit syskjenpar ca ei helg per månad. Det er ikkje naudsynt med sosialfagleg kompetanse.

Besøksheimen/avlasningsheimen skal væra til støtte for barn og unge, som av ulike årsaker har trong for positive opplevingar med trygge vaksne og/eller væra ein del av ein familie.

Besøksheim/avlastningsheim er eit frivilleg hjelpetiltak og skal væra ei støtte til familiar som treng det.

Familien må ha ein stabil livssituasjon og moglegheit til å binde seg til oppdraget over tid. Det kan ikkje væra store livskriser, rusproblematikk eller psykiske problem i familien.

Det kreves at besøksheimen/avlastningsheimen har tid, overskot og sengeplass til eit ekstra born. Familien bør ha innlevingsevne og forståing for borns ulike behov og reaksjonar. I dei fleste samanhengar er det å oppleva ein trygg og forutsigbar familiesituasjon det borna treng mest.

 

Kven er besøksborna?

Besøksborna kan ofte ha ein vanskeleg heimesituasjon. Foreldra deira kan trenge avlastning for å få overskot til å ta seg av borna sine.

Nokre gonger er det slik at borna treng andre vaksne modellar, for å kunne sjå andre handlingsmønser i ein familie. For mange av borna er det behov for å oppleva andre omgjevnader, med fleire trygge vaksne som bryr seg om dei. Kontakten med dei vaksne har som mål å gje borna overskot, lærdom, stimulans, glede og tryggleik. Alderen på besøksborna er frå 0 – 18 år.

 

Politiattest og teieplikt

Besøksforeldre må framleggje uttømmande og utvida politiattest. Det krevst utvida politiattest av husstandsmedlemmer som er over 18 år. Politiattesten skal ikkje væra eldre enn tre månader.

Fritidskontaktar må og fremleggja utvida politiattest på bakgrunn av at oppdraget også kan innebæra å ta bornet med heim.

Alle besøksheimar/avlastningsheimar og fritidskontaktar har teieplikt og alle må signera. Teieplikta gjeld ikkje ovanfor barnevernstenesta. Er du usikker, kan du spørja kontaktpersonen din.

Hardanger barnevernteneste, tlf: 975 58 511