Utleige av badestova i Vikefjøra

I sommar er Ullensvang kommune ansvarleg for utleige av badestova i Vikefjøra i Jondal.

Kontakt turistinformasjonen i Jondal for leige av badestova.  Du kan nytte kalenderen nedst på sida for å sjå kva tider som allereie er opptekne.

  • Betaling via Vippsnr.: 731751
  • Kr. 100,- per time

 

Nøkkel skal hentast og leverast inn att i  opningstidene til turistinformasjonen.

  • Måndag – fredag: kl. 09.00 – 17.00
  • Laurdag – sundag: kl. 10.00 – 17.00
    *tidene kan endra seg på kort varsel.

Kontaktinformasjon

Turistinformasjonen i Ullensvang

turist@ullensvang.kommune.no

+47 480 70 777

www.hardangerfjord.com/ullensvang/

  • All bruk på eige ansvar.
  • Ikkje sitt direkte på benken, bruk eit handkle for å sitja på.
  • Vis omsyn til dei som kjem etter deg – pass på at det er reint og fint i badestova når du går.
  • Ikkje nytt mat og drikke i badestova.
  • Brukarar må vera over 18 år.
  • Lås når du går og lever nøkkelen til turistinformasjonen på kommunehuset i Jondal.