Bål i naturen om kvelden. Foto.

Aukande brannfare i terrenget

Tørke fører med seg aukande fare for brann i skog og anna utmark. Difor er det eit forbod mot bruk av open eld i heile landet i sommerhalvåret i skogen, på fjellet, på stranda, og ved naturområde som ikkje er innmark.

– Sol, varme og vind, gjer brannfaren spesielt stor. Tørkeskada og daud vegetasjon bidrar til brannfare langt over normalen. Sjøl om det enkelte stader kan kome nedbør, er det fare for brann då vegetasjonen tørker raskt opp i fint ver.

 

Ver aktsom!

Når det er tørt skal det lite til for å starta ein brann. Vi må alle vera forsiktige og opptre slik at det ikkje vert brann. Det gjeld alle, heile tida og over alt. Dette følger av plikta til aktsemd i brann- og eksplosjonsvernlova.

Å vera forsiktig innebærer at ein tar forhåndsregler for å redusere sannsynet for brann og avgrense skadane av ein brann. Ein må aldri gå frå oppgjort eld utan at elden er sløkt.

 

Bålforbodet

I tidsrommet 15. april til 15. september er det forbod mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark utan løyve frå kommunen. Dette forbodet vert omtalt som «bålforbodet».
Dette forbodet gjeld i eller i nærleiken av skog og anna utmark, og med det meiner ein alle område som ikkje er innmark. Eksemplar på innmark er gardsplasser, hustomter, dyrka mark, engslått, kulturbeite og skogplantefelt og liknande område.

Å gjere opp eld omfatter all bruk av bål-, grill- og peisinnretningar. Eingongsgrillar utgjer ein særleg brannfare.

Sjøl om det er bålforbod har du lov til å tenne bål der det openbert ikkje kan starte ein brann. Det skal svært mykje nedbør til for at det openbert ikkje kan føre til brann. Ved å overtre plikt til aktsemd eller det generelle forbodet kan ein straffast med bot eller fengsel.

 

Grilling

– Brannvesenet rår frå all bruk av eingongsgrill. Dei kan vera varme i mange timar etter bruk om de ikkje vert sløkt og kjølt ned skikkeleg. Eingongsgrill må aldri settast rett på brennbart underlag.

Gassgrillar og elektriske grillar vil i de fleste tilfeller kunne brukast i eigen hage med normalt vedlikehald, forsvarleg plassering og aktsom bruk. Dette gjeld ikkje dersom hagen er i eller i nærleiken av skog og anna utmark. Der gjelder forbodet.

Husk at plikt til aktsemd gjeld overalt, i parker og hager, på verandaer og terrasser eller under brennbare tak eller liknande overbygningar.

Ved brann eller ulykke ring 110.

 

Kort oppsummert

Kort oppsummert har vi eit forbod mot å gjera opp eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark, med unntak av der det openbert ikkje kan medføre brann, mens i hager, i parker og anna innmark gjeld plikt til aktsemd etter forskrift om brannforebygging §3.