Snøskuter

Åtvaring: Særleg fare for usikker is i område Ståvatn – Kjelavatn

Statkraft bygger nye Kjela dammer ved Kjelavatn i Vinje kommune. I samband med oppstart av byggearbeid er det i perioden 1. mars til 6. april 2024 nødvendig å holde låg vasstand i Kjelavatn. Ståvatn vil i same periode stige gradvis og isforholdene på både Kjelavatn og Ståvatn vil være svekka ut sesongen.

Me gjer merksam på at effekten av dette vil vare lengre enn tidfest periode avhengig av værforholda vidare utover vinteren.

Viser til NVE sitt iskart.no der finn du fleire opplysningar om områdene.

Ståvatn
Som følgje av at vasstand hever seg gradvis i perioden svekkast isforholdene. Det er satt opp informasjon lokalt som me ber alle om å respektere. Me tilrår spesielt vaksne å halde oppsyn med born.

Kjelavatn
I samband med oppstart av arbeid vil Kjelavatn tappast ned. Her vil det i perioden vera høg bygge aktivitet.

Generell aktsemd
All ferdsel på regulerte vassdrag er inneber risiko. Spesielt i område kring inntak, i kanalar og ved inn- og utløp av overføringstunnellar. Varierande vasstand fører generelt til svak is langs land. Ved låg magasinfylling kan det være fare for ras av isblokker, og at isen langs land sprekk opp. Desse sprekkane er ofte gøymde av eit snølag, og det må difor utøvast stor aktsemd ved passering inn og ut på isen.

Me ber om at dykk viser respekt for inngjerding og skilting og huks på at forholda kan endre seg raskt så meld gjerne frå om usikre forhold knytt til reguleringa.

 

Ynskjer du ytterlegare informasjon kan du ta kontakt med Statkraft:

  • Hallgeir Kleiv – Kraftverkssjef, tlf. 905 78 692

eller

  • Hallgeir Aarbakk – Produksjonssjef, tlf. 916 38 345