Mannleg lærar som underviser vaksne

Vaksenopplæring

Vaksenopplæringa i Ullensvang har to avdelingar, ei på Meieriet i Odda og ei på Sandvik i Kinsarvik.

Vaksenopplæringa tilbyr opplæring i norsk og samfunnsfag for minoritetsspråklege elevar og grunnskuleopplæring for vaksne. Dei har og har tilbod om spes. ped. for vaksne. Grunnskuleopplæringa blir gitt på avdelinga i Kinsarvik og gir kompetanse til å gå på vidaregåande skule.

Vaksenopplæringa kan leggja til rette for ulike kurs innan arbeidsretta norskopplæring, og dei gjennomfører realkompetansevurdering på grunnskulenivå i lag med dei andre vaksenopplæringane i regionen (Hardanger og Voss kompetanseregion).

Vaksenopplæringa legg vekt på eit trygt læringsmiljø der den einskilde får best mogleg læring ut i frå eigne føresetnader. Dei har krav på å bli sett, forstått og likeverdig behandla. Elevane kjem frå mange plassar i verda og vi er audmjuke for den omstillinga dei går gjennom.

 

Kontakt oss

Vaksenopplæringa avd. Kinsarvik

415 70 992

Berit Leigland

Rektor

berit.leigland@ullensvang.kommune.no

970 16 214

 

 

Prisar ved vaksenopplæring

Tilbod20212022
TilbodUndervisning pr time 45 min 202185 kr 202285 kr
TilbodStatsborgar- og Samfunnskunnskapsprøve 2021850 kr 2022850 kr
TilbodNorsk munnleg prøve pr stk 2021850 kr 2022850 kr
TilbodNorsk skriftleg prøve (3 delar) pr stk 2021850 kr 2022850 kr
TilbodNorsk lytteprøve (enkel delprøve) pr stk 2021300 kr 2022300 kr
TilbodNorsk leseprøve (enkel delprøve) pr stk 2021300 kr 2022300 kr
TilbodNorsk skriveprøve (enkel delprøve) pr stk 2021300 kr 2022300 kr