26709889-composition-with-brown-and-white-paper-prepared-for

Papir, drikkekartong og papp

Dei fleste kundar har tilgang på papirbehaldar med blått lokk. Alt av papir, papp og drikkekartong blir kasta laust i papirbehaldaren. Vi tømmer behaldaren kvar 4. veke.

JA TAKK

  • Aviser og reklame
  • Vekeblad og magasin
  • Drikkekartongar og andre kartongar til saus, pudding o.l.
  • Konvoluttar (riv helst av plastvindauge)
  • Emballasjekartong til pizza, frukostblanding, fiskepinnar o.l.
  • Pappesker og bølgepapp
  • Skrivepapir
  • Bøker, berre “paperback”

NEI TAKK

  • Pappkrus – og tallerkenar
  • Våt papp
  • Eggekartong
  • Gåvepapir og glansa julepapir
  • Servietter og tørkepapir
  • Innbundne bøker (med hard perm)
  • Kvitteringar
  • Suppe- og krydderposar i papir med aluminiumsfilm på innsida

 

Større mengder papp?

Har du papp som du ikkje får plass til i papirinnsamlinga der du bur, kan du levera dette gratis til gjenvinningsstasjon eller levera til eit returpunkt for papir.

 

Kva skjer med det?

Papiret blir sendt til ulike fabrikkar der det blir laga nytt papir. Trykksverte, lim, og stiftar blir fjerna. Den reine massen med returfiber som kjem ut av prosessen blir gjenvunnen til mellom anna avispapir, pappesker, dopapir og skrivepapir. Drikkekartongar blir frakta til Sverige, der dei blir til pizza- og cornflakesesker.

Hugs: Det er ikkje nødvendig å fjerna plastkorkar frå drikkekartongar. Dette forsvinn i gjenvinningsprosessen. Lag kubbar av drikkekartongane; då sparer du plass.

 

Miljøgevinst

Ved bruk av returpapir er trefibrane allereie separert og det blir derfor brukt mindre energi for å produsera papir frå returpapir enn frå taumar. Trefibrane kan brukast om igjen 6-8 gonger før dei blir utsliten. Vi sparer 14 tre per tonn gjenvunne papir

Dersom vi samanliknar energiforbruket ved produksjon av papir frå returfiber med forbruket frå fersk virke, så er energiforbruket ved bruk av returpapir i underkant av 40% av energiforbruket ved bruk av fersk virke.