Korona

Registrer deg for vaksine

For å få registrera seg i vaksinasjonskø for koronavaksine i Ullensvang, er det oppretta eit digitalt registreringssystem.

Ettersom kommunen ikkje veit kor mange vaksinar som til ei kvar tid er tilgjengeleg, vil registreringa ikkje fungera som ei vanleg timebestilling.

Registreringa inneber å melda si interesse for vaksine. Du kan registrera om du ynskjer vaksine eller ikkje. Når du har registrert deg får du ei bekrefting på SMS.

Du vil få ein ny SMS frå kommunen når det er klart for vaksinering og du kan bestilla time til vaksinasjon. SMS vil innehalde lenkje til der du sjølv går inn og bestiller deg time til vaksinering.

 

Du kan registrera om du ynskjer vaksine eller ikkje på tre ulike måtar:

  1. Trykk på lenkja for vaksineregistrering: «Registrer deg her». Vi tilrår at de registrerer dykk ved hjelp av datamaskin eller nettbrett og nettlesaren Google Chrome.
  2. Logg deg inn ved å bruka BankID eller BankID på mobil.
  3. Deretter skal du registrera fødsels- og personnummer, telefonnummer og svara på spørsmåla som vert stilte.

Kommunen vil bruka telefonnummeret du registrerer til å informera deg om vaksineringa vidare. Dersom du sjølv ikkje har mobiltelefon, må du registrera mobiltelefonnummeret til nokon som kan hjelpa deg med å bestilla time til vaksinasjon når dosane er klare, og det vert din tur til å verta vaksinert.

  1. Trykk på lenkja for vaksineregistrering; «Registrer deg her»
  2. Den som hjelper deg, må logga seg inn ved å bruka sin eigen BankID eller BankID på mobil. Hjelparen skal ikkje registrera opplysningar om seg sjølv, men leggja inn relevante opplysningar om deg.
  3. På nettsida skal de registrera ditt fødsels- og personnummer, telefonnummer og svara på spørsmåla som vert stilte. Spørsmåla gjeld om du ønskjer å ta vaksine, om du er i ei risikogruppe og helsetilstand.

Kommunen vil bruka telefonnummeret du registrerer, til å informere deg om vidare vaksinasjonsprosess. Dersom du sjølv ikkje har mobiltelefon, må du registrera mobiltelefonnummeret til nokon som kan hjelpa deg med å bestilla time til vaksinasjon når dosane er klare, og det vert din tur til å verta vaksinert.

Får du ikkje registrert deg digitalt kan du ringa vaksinasjonstelefonen.

  1. Ring vaksinasjonstelefonen: 913 76 126 (kvardagar kl. 08.00 – 14.30).
  2. Der får du nødvendig hjelp til å registrera opplysningane om vaksinasjonen. Ver merksam på at det kan vera ventetid på telefon.
  3. Når du har registrert deg, vil du etter kvart få varsel på SMS når det er klart for at du kan få vaksine. Dersom du har oppgjeve telefonnummeret til ein annan person, må du forvissa deg om at vedkomande varslar deg når det kjem ein SMS frå Ullensvang kommune om at det er mogleg å bestilla tid til vaksinasjon.
  4. Når du har motteke SMS om at det er klart for timebestilling, må du anten sjølv eller ved hjelp frå andre, logga deg inn på same nettstad og bestilla time for vaksinering.

Du kan setje deg opp på reserveliste for vaksinering. Det vil sei at du vert ringt opp av oss om det er vaksinedosar til overs ein dag det vert vaksinert. Det kan bli vaksinedosar til overs om personar ikkje møter til time, melder inn sjukdom ol.

Dei som set seg opp på må kunne stille til vaksinering under 20 min etter at dei er ringt etter. Dette då oppdtrekte vaksiner har kort haldbarheit.

Du set deg opp på reserveliste ved å registrere deg på nytt i Helseboka. Tidlegare registrering vert ikkje sletta, men eventuelle endringar du gjer ved ny registrering vert lagra; eksempelvis at du vel å stå på reserveliste.

«Registrer deg her»

Etter registrering i vaksinekø

Vaksinen er gratis, og den er samansett av to dosar. Når du bestiller time til den første vaksinasjonsdosen, vert det automatisk sett opp ny timeavtale til deg for den andre dosen.

 

Fordeling av vaksiner

Det er Folkehelseinstituttet som fordeler vaksinar, og Ullensvang kommune vil gje vaksinar etter kvart som det er tilgjengelege dosar.

 

Pris for vaksine

Vaksinasjonen er gratis.

 

Befolkningsvaksinering

Befolkingsvaksineringa vert gjennomført i Tyssohallen, Skjeggedalsvegen 66, 5770 Tyssedal. Hugs å ta med legitimasjon og munnbind.

Dei som har mistanke om at dei kan vera smitta av koronaviruset og/eller har influensaliknande symptom/feber, vert bedne om ikkje å møta opp til vaksinasjon, men ringja vaksinasjonstelefonen for å få avtalt ny time. Dette gjeld også dei som er i karantene eller ventar på prøvesvar.

Alle folkeregistrerte personar i Ullensvang vil få tilbod om vaksine uavhenging kor personen har fastlege.

Ullensvang kommune gjev tilbod om vaksine for personar som ikkje bur i kommunen, men har lengre opphald i kommunen i samband med arbeid og utdanning. Dei kan også registrera seg elektronisk.