Rom under bygging innendørs

Påbygg, tilbygg eller kjellar

Desse tiltakstypane gjeld utviding av eksisterande bygning oppover, bortover eller nedover.

Kva er forskjellen?

Påbygg er utviding av bygningen oppover. Den nye bygningsdelen vert plassert på ein eksisterande konstruksjon, til dømes ein ekstra etasje.

Tilbygg er utviding av grunnflata på ein bygningen, til dømes ein terrasse.

Kjellar/underbygg er utgraving under eksisterande bygning, og utvider eksisterande bygning nedover.

 

Du treng ikkje å søkja

  • Dersom tiltaket er i samsvar med gjeldande reguleringsplan
  • Dersom tilbygget er på inntil 15 kvadratmeter bebygd areal (BYA) eller bruksareal (BRA), utan rom for varig opphald. Tilbygget må vera understøtta, kan ikkje overstiga to etasjar og må plasserast minst 4 meter frå nabogrensa.
  • Dersom tiltaket vert ført opp med tilstrekkeleg avstand frå offentleg regulert veg.

 

Sjølv om ikkje tiltaket er søknadspliktig, må du informera kommunen om tiltakets plassering når det er ferdigstilt:

Skjema: Meld inn bygning eller tiltak som er unnteke søknadsplikt

 

Du kan søkja sjølv

Dersom tilbygget har bebygd areal (BYA) eller bruksareal (BRA) på mindre enn 50 kvadratmeter. Tilbygget kan i tillegg ha kjellar dersom kjellertaket er mindre enn 1,5 meter over terrenget rundt bygningen.

Les meir her om korleis du søkjer.

 

Fagfolk må søkja for deg

  • Dersom du skal byggja eller riva eit påbygg
  • Dersom tilbygget er større enn 50 kvadratmeter
  • Dersom du skal byggja under ein eksisterande bygning
  • Finn føretak med sentral godkjenning

 

Merk at dersom tilbygget fører til at eksisterande bygning må koplast til VA-anlegg, må søka om sanitærabonnement. Digitalt søknadsskjema om sanitærabonnement finn du her.