Odda sjukeheim
Odda sjukeheim vart bygd i 1976 og er nabobygget til Odda sjukehus, Helse Fonna. Vi har 21 langtidsplassar med heildøgns bemanning. Frå 2022 vil Odda sjukeheim fasast ut, og dei 11 bebuarane som er att og medarbeidarane flytter opp til nybygget som vil liggja vegg i vegg med noverande Eide omsorgsenter.
Kva legg vi vekt på?
Odda sjukeheim legg vekt på livsglede, og skal vera ein god stad å bu og å koma på besøk til. Vi skal gje bebuarane livsglede i form av individuell tilpassa aktivitet, pleie og omsorg heile døgnet.
Vi ynskjer å tilby aktivitetar som handlar om små tiltak i kvardagen, basert på tidlegare levd liv og vanar som gjev meining og gode augneblink. Det kan vera ein god samtale under fire auger om eit tema ein interesserer seg for, mimring med fotoalbum, kaffi på senga, høyra på favorittmusikken medan ein får rulla håret eller sjå på gamle snuttar på smart-tv.
Medarbeidarane
På Odda sjukeheim arbeider det: tilsynslege, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, pleiemedarbeidarar, helsefagarbeidarar og assistentar. Tilsynslegen er tilgjengeleg 5 dagar i veka, med fast legevisitt kvar tysdag. Pårørande har høve til å avtala samtale med legen.
Vår visjon er livsglede for alle!
Vi vil gje liv til åra, og fremja lysta til å leva.
I sentrum for vår verksemd står våre eldre.

Kontakt oss

Odda sjukeheim
Besøksadr.: Sjukehusveien 8
5750 Odda
53 65 48 60

Jørgen Ninn
Verksemedsleiar Odda sjukeheim / Eide omsorgssenter
jorgen.ninn@ullensvang.kommune.no
913 38 570 mellom kl. 08.00-15.30
