
Kva gjer Miljøretta helsevern?
Kommunal mynde og forvaltningsoppgåver
Miljøretta helsevern og kommuneoverlegen er tildelt forvaltningsoppgåver og er kommunal mynde etter kapittel 3 om miljørettet helsevern Lov om folkehelsearbeid (folkehelseloven) med tilhørende forskrifter. Vi har og forvaltningsoppgåver etter krav i Tobakkskadelova og Lov om strålevern.
Arbeidet er ein del av kommunen sitt folkehelsearbeid. I saker som gjeld miljøretta helsevern skal det, vera utført vurdering gjennom ordinære prosessar knytt til planlegging og godkjenning av verksemder og eigedomar. Dette betyr at det i utgangspunktet skal vera handsama etter eige regelverk, og at reglane om miljørettet helsevern derfor skal fungere som eit sikkerheitsnett i mange høve der anna regelverk ikkje er relevant eller dekkande.
Viktige arbeidsoppgåver
Barn sitt miljø i skular og barnehagar
- Rettleiing, tilsyn og godkjenning etter Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler m.v.
- Førebygging av ulykker
Les meir om barn sitt miljø i barnehagar og skular her.
Hygiene i lokaler m.m.
Rettleiing, tilsyn og godkjenning av lokale der offentligheita har adgang:
- Frisører og hudpleieverksemd o.l.
- Camping-/leirplassar, kyrkjer, svømmebasseng m.m.
Meir informasjon om dette finn du her:
Inneklima
- Råd og rettleiing om problem i innemiljø knytt til fukt, varme, ventilasjon, lysforhold, og bruk av materiale.
- Tilsyn med røykebestemmingar i off. bygg og serveringsstader.
Meir informasjon om dette finn du her:
Legionella
Tilsyn og rettleiing med innretninger som kan spre legionellasmitte.
Skadedyrkontroll
Rettleiing om tiltak mot rotter, mus, skadedyr i bustader o.l.
Støy
Råd, rettleiing og eventuelt vedtak om krav/retting vedrørande anleggstøy, støy frå tekniske installasjoner, bedrifter, trafikkstøy, fritids- og underhaldningsstøy.
Avfallshandtering og generell hygiene i omgivnadane
Rettleiing og tilsyn med hygieniske forhold i samband med blant anna renovasjon og handtering av avfall.
Helse i planlegging
Vurdere og kome med uttalelse til utvalgte plan- og byggesaker.
Ta kontakt for råd eller rettleiing

975 585 27