Kinsarvik skule – Sosialpedagogisk plan
Folkehelse og livsmestring er ein sentral del av den overordna delen av læreplanen. Målet med Kinsarvik skule sin sosialpedagogiske plan er å sikra elevane våre eit trygt læringsmiljø. Det krev eit samarbeid mellom dei tilsette på skulen, elevane og deira føresette.
Me forventar at tilsette på Kinsarvik skule
- Skapar eit trygt læringsmiljø
- Behandlar elevane med omsorg og respekt
- Har fokus på elevane si læring og utvikling
- Gir elevane jamlege tilbakemeldingar på eiga læring og utvikling, samt framovermeldingar for å auka læringsutbytet.
- Lyttar til innspel frå foreldra og har tett dialog med heimen
- At dei er godt kjende med alle gjeldande planar og rutinar
- At folkehelse og livsmestring blir arbeidd med jamleg, og at konkret arbeid med dette tverrfaglege temaet blir markert på timeplan til elevane minimum kvar 14. dag.

Me forventar av foreldre og føresette på Kinsarvik skule
- Syter for at elevane kjem utkvilte og presise til skulen
- At elevane har med seg riktig og nødvendig utstyr
- At dei støttar opp og bidreg positivt til skulen sin innsats for trivsel, læring og tryggleik
- Informerer skulen når elevar ikkje har det bra
- Bidreg til at skulen sine reglar og konsekvensar blir følgt opp
- Deltek på foreldremøte og utviklingssamtalar
- At dei er godt kjende med alle gjeldande planar og rutinar
Me forventar av elevane på Kinsarvik skule
- At dei oppfører seg vennleg og hyggeleg mot andre medelevar og vaksne
- Føler eit medansvar for at medelevar har det bra
- Seier i frå til ein vaksen dersom dei ser at nokon ikkje har det bra, eller om nokon blir plaga
- At dei viser interesse for skulen sine gjeldande planar og rutinar
- Sosialpedagogisk handlingsplan gjennom året
- Sosiale tiltak/førebyggande arbeid gjennom året
- Kjerneverdiar – Kinsarvik skule
- HFU – Helsestasjon for ungdom
- Pedagogisk verksemdsplan
- Zippys venner (småskuletrinnet)
- Mitt val – eigne metodiske bøker for dei ulike trinna
- Klasseleiing
- Skulemåltidet
- Inspeksjonsinstruks
- Handlingsplan ved fråvær
- §9a Sakshandsamlingsreglar for skulane i Ullensvang
- Kapittel 9a – rutinar
- Udir om skulemiljø – aktivitetsplikt
- Spekter – rutinar
- Foreldremøte
- Rådgjevar / Sosiallærar
- Instruks ved val av 2. framandspråk eller arbeidslivsfag og konsekvensar
- Forskrift – ordensreglement – Ullensvang herad
- BTI – Betre tverrfagleg innsats
- Opplæringslova om elevane sitt skulemiljø
- Udir: Skulemiljø
- Mobbing og mistrivsel – Kva skal skulen gjera?
- FUG – Foreldreutvalet for grunnskulen
- Mobbeombod – Hordaland Fylkeskommune
- Få hjelp mot mobbing
- Nytt regelverk mot mobbing – Informasjon til foreldre
- Læringsmiljøsenteret i Stavanger
- https://sexogpolitikk.no/seksualundervisning/grunnskole/ Passord: Uke6foralle
- Mot & Sjølvkjensle
- Korleis skapa eit godt klassemiljø – Tips & idear
- Struktur og forutsigbarhet i det digi
- otale læringsmiljøet
- Verdsdagen for psykisk helse 10. oktober
- Opplegg barneskulen 2018
- Opplegg 1. – 4. kl. 2019
- Opplegg 5. – 7. kl. 2019
- Opplegg ungdomsskulen 2018
- Opplegg ungdomsskulen 2019
- Klassemiljø og elevmedverknad. Metodehefte 1. – 7. kl
- Skap samhald i elevgruppa. Tips – Idear.
- Helsedirektoratet. Bekymra for ein elev?
- Forebygging.no
- Link: Livsmestring i norske klasserom
- Ti råd mot skulevegring (tips til foreldre)
- Rusmiddelførebyggande arbeid – støttemateriell
Skeiserenn
Du startar i lag med storskridaren.
Du veit du ikkje kan fylgja han,
men du legg i veg
og brukar all di kraft
og held lag ei stund.
Men han glid ifrå deg –
glid ifrå deg, glid ifrå deg –
Snart er han heile runden fyre.
Det kjennest litt skamfullt med det same.
Til det kjem ei merkeleg ro yver deg,
kan ikkje storskridaren fara!
Og du fell inn i di eigi takt
og kappestrid med deg sjølv.
Meir kan ingen gjera.
Olav H. Hauge

