Hand som held mobiltelefon

Endra tekniske krav for Min Skule-app og Min Barnehage-app

Visma som leverer Visma Flyt Skule/Visma Flyt Barnehage og tilhøyranda appar skriv i melding: Innan 2. kvartal 2022 gjer vi ei endring i kva versjonar av operativsystem som skal støttast for appane Min Barnehage og Min Skule. Det gjeld både tilsett- og føresettapp for begge systema.

Per no støttast Android 7.0 og iOS 11.0 for Min Barnehage, og for Min Skule støttast Android 6.0 og iOS 11.0. Dette vil no endrast. Innan 2. kvartal 2022 vil både Min Barnehage og Min Skule berre støttast frå Android 9.0 og oppover, og dessutan for iOS 13.0 og oppover.

 

Bakgrunn for endringa

Når iOS og Android tilgjengeleggjer ein ny og forbetra versjon av operativsystemet, vil ikkje eldre versjonar av operativsystemet lengre bli støtta. Det vil seia at ein eldre mobil som iPhone 6 ikkje kan oppdaterast til ein nyare versjon av operativsystemet enn iOS 12. Per no er iOS 15 den nyaste versjonen av operativsystemet, og iOS vil oppretthalde alle mobilar som framleis kan oppdatera til iOS 13 eller nyare.

På bakgrunn av at iOS og Android kuttar tryggleiken for eldre versjonar av operativsystemet, vil vi òg følgja det same. Det er ein potensiell tryggingsrisiko for våre appar å støtta eldre versjonar når vi veit at iOS og Android sjølv ikkje vil halda eldre versjonar oppdaterte.

 

Tips og råd

Vi anbefaler at du alltid oppdaterer mobilen til den nyaste versjonen av operativsystemet som er tilgjengeleg på eininga di. iOS og Android melder ofte om eventuelle tryggleikshol som er funne i versjonane, og oppfordrar alltid kundane sine til å oppdatera snarast når ein ny versjon blir tilgjengeleg. Sjekk om ei oppdatering er tilgjengeleg for eininga di, og skru på automatisk oppdatering.