Paragraf symbol lent mot grå vegg

Forskrift om tøming av slamavskiljarar og tette tankar

Denne forskrifta er vedteken i Ullensvang kommunestyre den 18.12.2019 med heimel i:

Lov av 13.mars 1981 nr.6” om vern mot forureining og om avfall” med endring ved lov av 21.juni 1996 nr. 36 (forureiningslova) §§ 30, 34, 37, 79 og 83 og i lov av 11. april 2003 nr 23 om endringer i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger (forurensningsloven).  Forskrifta gjeld i kommunen frå 01.01.2020. Frå same tid blir forskrifter som gjeld slamtøming i Jondal kommune, Odda kommune (15.03.2000, Kapittel 2 i Forskrift for innsamling m.v. av forbruksavfall og tømming av slamavskiljarar, privet, tette tankar m.v. og for avfallsgebyr, Odda kommune, Hordaland) og Ullensvang herad (24.09.2018, Forskrift om vass- og avløpsgebyr, samt tøming av avløpsanlegg, Ullensvang herad, Hordaland) oppheva.

Forskrifta gjeld tøming av slamavskiljarar og tette tankar for oppsamling av sanitært avlaupsvatn frå bustadhus, fritidshus, næringsverksemd og liknande verksemder i Ullensvang kommune.

Forskrifta har som føremål å sikre miljømessig, økonomisk og helsemessig forsvarleg tøming av alle private slamavskiljarar, fellesanlegg og tette anlegg i kommunen. Forskrifta har vidare som siktemål ei likebehandling av alle abonnentar i kommunen.

 

Abonnent: Eigar eller festar av eigedom med slamanlegg, eller brukar av private fellesanlegg som er omfatta av slamordninga

Slam: Ved tøming av slamanlegg blir innhaldet sugd opp og separert. Det faste stoffet blir kalla slam, medan det flytande delen blir kalla rejektvatn

Slamanlegg: private oppsamlingsanlegg- eller behandlingsanlegg og fellesanlegg for sanitæravløpsvatn som produserer slam. Til dømes slamavskiljar, tett tank minireinseanlegg, fellestankar etc eller ein kombinasjon av dette. Kommunale fellestankar og reinseanlegg som produserer silslam/avlaupsslam er ikkje omfatta av denne forskifta.

Utførande entreprenør skal sørge for tøming av slamanlegg som er omfatta av denne forskrifta. Tøminga blir utført etter dei til ei kvar tid gjeldande reglar.

Abonnenten skal syta for at anlegget som skal tømast er lett tilgjengeleg for tøming med bil. Slamavskiljar skal plasserast slik at den kan tømmast med tankbil heile året. Avstanden frå køyrbar veg til slamavskiljarar skal maksimalt vere 40 m. Høgdemeter 6m. Snø, is, jord m.v. over kumlokk skal fjernast av abonnenten før tøming. Lokk skal vere køyresikre dersom dei kan vere utsett for overkøyring. Ved vanskeleg tilkomst som gjer at tømefirma må ha ekstra mannskap/ utstyr for å få utført tøming, eller dersom det er avfall i tanken (våtservietter, o.a.) får abonnenten eit ekstragebyr på grunn av meirarbeid.

Den som tømer anlegget har rett til å plassere nødvendig utstyr på eigedomen for å få utført tøminga.

Dersom tanken ikkje er klargjort, og tømefirmaet har vore på staden, blir det rekna som utført arbeid og abonnenten må betale slamgebyret. Sjølv om abonnenten nektar tøming, ikkje har klargjort tank, ikkje satt ned tank etter pålegg eller at det av annan årsak ikkje kan utførast tøming, skal gebyr likevel betalast.

 

Varsel om når tøming vil skje vert gjeve på hensiktsmessig måte.

Bustader og næring blir som hovudregel tømt kvart andre år, fritidshus kvart fjerde år.

I spesielle tilfelle kan kommunen bestemma ein annan tømefrekvens.

Tøminga skal utførast slik at bebuarar ikkje unødig blir sjenert av støy og lukt. Anlegget skal forlatast i lukka stand, og grinder, portar og dører skal lukkast, eventuelt låsast.

Kommunen kan gje pålegg om type og plassering av slamanlegg. Kommunen kan og pålegge eigarar av eldre slamanlegg å gjennomføre tiltak for å oppfylle krava i denne forskrifta.

Den som utfører tøminga har rett til å plassere nødvendig utstyr på eigedommen for å få utført tøminga. Arbeidet skal utførast slik at ikkje unødvendig skade på veg eller eigedom oppstår. Eventuelle krav om erstatning for skader eller ulemper etter tøminga må rettast direkte til entreprenør. Slamanlegget skal etter tøming forlatast forsvarleg og lukka.

Kommunen kan gje abonnenten pålegg om utbetring av eventuelle feil og manglar.

Alle eigarar og brukarar av slamavskiljarar/oppsamlingstankar/fellestankar som ordninga omfattar, skal betale årleg gebyr for tøming til kommunen. Kommunestyret fastsett storleiken på gebyret.

Gebyr for slamtøming med renter og kostnader er sikra med lovbestemt pant etter pantelovas §6.1. Renteplikt ved sein betaling og inndriving av gebyret er regulert i lova av 6 juni 1975 nr 29 om eigedomsskatt til kommunane §§ 26 og 27. For nybygg trer gebyrplikta inn 12 månader etter søknad om utsleppsløyve er godkjend. For eksisterande bygg, trer gebyrplikta inn månaden etter at utsleppsløyve er godkjend. Ved pålegg om nedsetjing av avløpsanlegg, trer gebyrplikta inn 12 månader etter påleggsdato.

Etter skriftleg søknad sendt kommunen kan fritak vurderast i følgjande tilfelle:

  • Gebyrpliktig bygning som ikkje er i bruk i meir enn eitt år. Fritak kan gjevast for inntil 1 år og gjeld fra månaden etter at søknad er mottatt.
  • Eigedom som står til forfall og ikkje kan brukast som bustad. Eigenerklæring må sendast kommunen.

Vedtak i denne forskrifta kan påklagast dersom det er eit enkeltvedtak, jfr. Forvaltningslova § 2b og forureiningslova § 85. Klagen blir handsama etter regelverket i forvaltningslova jfr. Kap VI.

Brot på denne forskrifta kan straffast med bot etter forureiningslova.

Forskifta tek til å gjelde 01.01.2020.