Nærbilete av sluk med rennande vatn

Arbeid på Tokheim vassbehandlingsanlegg

Ullensvang kommune skal utføre arbeid i Tokheim vassbehandlingsanlegg i veke 2-4.

Eksisterande UV-anlegg er gammalt og utdatert, og skal erstattast med eit nytt UV-anlegg med 2 stk UV-aggregat i serie. UV-desinfiseringa vil dermed utgå i perioden arbeidet pågår, og klordosering vert einaste barriere. Kommunen kjem til å ta oftare vassprøvar frå anlegget i veke 2-4. Dette for å ha god kontroll på vasskvaliteten. I forbindelse med arbeidet vert det redusert trykk på deler av ledningsnettet.

 

Ved spørsmål ta kontakt med

Margit Børve

Prosjektleiar v/Prosjekt og utvikling

margit.borve@ullensvang.kommune.no