
Anbefaling om 5. dose koronavaksine til deg over 75 år
Helsemyndigheitene anbefaler ny oppfriskingsdose i løpet av våren til aldersgruppa 75 år eller eldre, og til sjukeheimsbebuarar kor det har gått meir enn 6 månadar siden førre dose.
Ein ny dose vil vera særlig aktuell dersom du ikkje tidlegare har hatt koronasjukdom, og dersom du i tillegg til høg alder (75 år eller eldre) har ein sjukdom eller tilstand som gjev auka risiko for at koronasjukdommen kan bli alvorleg dersom du vert smitta.
Merk:
- Det må vera minimum tre månader sidan førre vaksinedose, helst seks månader
Betre rusta mot nye smittetoppar
Overvaking av vaksinasjon mot covid-19 viser at dei fleste i aldergruppa 75 år og eldre som har tatt 4. dose, blei vaksinerte i fjor sommar og tidleg haust. Ettersom det er dei eldste som er mest utsette for alvorleg sjukdomsforløp, og effekten mot alvorleg forløp avtar noko over tid, meiner FHI det er grunn til å anbefale aldergruppa 75 år og eldre ein ny dose no.
Dette vil gjere dei betre rusta mot ein eventuell ny smittetopp i perioden fram mot neste vintersesong.
Sannsynleg med endå ei oppfriskingsdose til hausten
Folkehelseinstituttet ser det som sannsynleg at aldersgruppa 65 år og eldre, pluss dei i aldersgruppa 18 til 64 år med underliggande risikotilstandar, vil ha behov for ein ny oppfriskningsdose også til hausten, før vintersesongen 2023-2024. Dei anbefaler derfor personar over 75 år å ta 5. dose i løpet av våren, for å sikre langt nok tidsintervall før ein eventuell 6. dose til hausten.
Yngre pasientar med alvorleg svekka immunforsvar kan òg få tilbod om ein oppfriskingsdose no i vår, etter vurdering frå spesialist.