Samfunn, plan og næring

Varsel om planoppstart og offentleg ettersyn av planprogram for kulturmiljøplan for Ullensvang kommune 2025-2035

Med dette varslast det om planoppstart og offentleg ettersyn av planprogrammet for kulturmiljøplan for Ullensvang kommune for periode 2025-2035 (planID 46182024006).

Bakgrunn/historikk

Kulturmiljøplan er ein del av planstrategien i Ullensvang kommune. Etter
kommunesamanslåinga i 2020, der gamle Odda kommune, Ullensvang herad og Jondal kommune vart slått saman, har det vore eit mål om å lage ein felles kulturmiljøplan for nye Ullensvang kommune.

Hardanger-regionen har ein rik kulturarv som er svært viktig å ta vare på og formidle. Den nye kommunen omfattar eit breidt spekter av kulturmiljø og kulturminne, både materielle og immaterielle; frå mellomalderminne til industrielle kulturminne, til ulike lokale tradisjonar knytt til folkemusikk og båtbygging med meir.

Ein felles kulturmiljøplan vil bidra til å samla trådane frå dei tre tidlegare kommunane. Målet er å lage ei felles oversikt og strategi for bevaring, formidling og forvaltning av den kulturelle arven i nye Ullensvang kommune i lys av framtidas utfordringar som t.d. klimaendringar og beredskap.

 

Planprosess/struktur

Kulturmiljøplan vert utforma som ein tematisk kommunedelplan. Det betyr at det vert behov for meir detaljerte planar i framtida knytt til ulike aspekt som vert omtala i kulturmiljøplanen. Planen følgjer formelle prosesskrav fastsett i plan- og bygningslova (PBL) knytt til kommunedelplan.

Planen skal bestå av ein kunnskapsdel og ein handlingsdel. Gjennom dei to delane er det eit samla mål om å bygge opp eit godt kunnskapsgrunnlag og å tydeleggjere vegen vidare.

 

Medverknad

Medverknaden i planarbeidet skal sikrast på følgjande måtar:

  • gjennom formelle krav i regelverket etter PBL for ein planprosess
  • tilleggsmedverknad frå ressursgruppe og andre aktuelle partar
  • ope folkemøte og høyring av planforslag

 

Mandat

Utval for kultur og levekår har i møte 03.09.2024 fatta følgjande vedtak i sak 041/24:

Utval for kultur og levekår vedtek å sende Planprogrammet til Kulturmiljøplan for Ullensvang kommune 2025-2035 på høyring i minimum 6 veker.

Planprogrammet vert lagt ut på høyring i seks veker, og det vert samstundes varsla om oppstart av planarbeidet med høyringsfrist på seks veker, i tråd med PBL §12-8 og §12-9. I perioden planprogrammet er på offentleg ettersyn, ber Ullensvang kommune om innspel/ merknader til planprogram og planoppstart.

Frist for å komme med innspel er sett til 01.11.2024.

Du kan senda innspel digitalt i skjema under. Eller senda det per post eller e-post til kommunen. 

 

Innspel skal merkast med “Kulturmiljøplan for Ullensvang kommune, planID 46182024006" og sendast til:

Ullensvang kommune

Opheimsgata 31

5750 Odda

postmottak@ullensvang.kommune.no

53 65 40 00

ullensvang.kommune.no