Viktig informasjon om koronaviruset

Kva gjer du viss du mistenker at du er sjuk med det koronaviruset?

  • Viss du er sjuk, hald deg heime.
  • Alle som har symptom på korona bør testa seg.
  • Viss du er sjuk og treng legehjelp, eller har behov for individuell helserådgiving, kontakt fastlege på telefon eller elektronisk.
  • Har du behov for akutt helsehjelp og ikkje kjem i kontakt med fastlegen, ring 116 117.
  • Ved livstruande sjukdom eller skade, ring 113

Kjelde fhi.no

 

Meir informasjon og råd finn du på fhi.no og helsenorge.no. Der vil du finna svar på dei fleste spørsmål, og kontaktinfo til informasjonstelefonen for koronaviruset.

Her på kommunen si nettside finn du til ei kvar tid oppdatert informasjon om korona frå oss.

 

Kontakt med legekontoret

Det er ønskeleg at pasientar som ikkje har behov for å ringa til fastlegen/legekontoret kommuniserer digitalt.

Ved å kommunisera digitalt bidrar du til at dei som treng å snakka med lege/legekontor kjem raskast mogleg igjennom på telefon.

Logg inn på Digital dialog på Helsenorge.no