Vikebygd skule 2019 - Foto: Erik Løland

Søknad om plass i SFO

SFO er eit frivillig omsorgs- og aktivitetstilbod. Tilbodet gjeld born i 1. – 4. klasse og born med særskilde behov i 5. – 7. klasse.

Påmelding og oppseiing

Søknadsfristen er 1. mars. Ein kan søke seinare, men er då ikkje garantert plass. 

Opptak skjer i tråd med vedtektene for SFO i Ullensvang kommune. Opptaket gjeld til plassen blir endra eller sagt opp. Ein treng ikkje seie opp SFO-plassen etter 4. trinn – det skjer automatisk.