Plastikkpose med plastemballasje

Eigne plastsekkar i kvar hushaldning

Vi har plastinnsamling i Tyssedal, på Freim og Ragde for kvar husstand.

Levering av plastavfall

Husstander i Tyssedal, på Freim og Ragdei samlar plast i blanke sekkar og set dei ut på næraste samleplass den andre og siste torsdagen i kvar månad. Vér venleg å setja ut plastavfallet ditt FØR kl. 07:30 dei torsdagane det er innsamling.

Viktig å hugse på at dei grøne bioposane ikkje skal kastast som plast!

 

Ny rull til plastemballasje

Når du går tom for plastsekkar kan du henta deg nye på Lindenes miljøstasjon, Nærbutikken i Tyssedal eller Innbyggjartorget på Ullensvang rådhus.

Dersom du er der når ein av renovasjonsbilane kjem forbi, kan du òg spørje om å få ein ny rull.

 

Sortering av plastemballasje

Vi ynskjer å verte betre på sortering, grunna høgare krav frå mynde, stat og EU. På førehand takkar Ullensvang kommune si renovasjonverksemd for hjelpa dykkar og håpar vi kan få sjå ein reinare kommune.

Slik gjer du det

  1. Hugs at emballasjen må vere rein og tom. Skyl den i kaldt vatn, bruk gjerne sleikepott eller oppvaskbørste for å gjere den rein.
  2. Vert plastemballasjen ikkje rein i kaldt vatn, kastar du det i restavfallet.

NB! Ikkje bruk bioposar – dei skal berre brukast til matavfall!

Ja takk

  • Plastposar
  • Plastbeger, -boksar og -brett frå matvarer, t.d. skinkepålegg, kylling, kjøttdeig o.l
  • Plastflasker og -kanner for sjampo, dressing, vaskemiddel o.l.
  • Blomsterpotter og -brett i plast
  • Plastemballasje for elektriske og elektroniske produkt.

Nei takk

  • Plast som ikkje er emballasje
  • Tilgrisa plastemballasje
  • Plastemballasje med papir eller aluminiumsbelegg
  • Plastemballasje som har innehalde farleg avfall, skal leverast på gjenvinningsstasjonen
  • Store gjenstandar
  • Stroppeband og vedsekkar
  • Isopor

Har du spørsmål?

Ullensvang kommune

Opheimsgata 31

5750 Odda

postmottak@ullensvang.kommune.no

53 65 40 00

ullensvang.kommune.no