Langtidsplass i institusjon eller tilsvarande butilbod

Forskrift med kriterie for tildeling av langtidsplass i institusjon eller tilsvarande butilbod i Ullensvang kommune.

Heimel

Vedteke i Ullensvang kommunestyre 09.12.2020, med heimel i lov 24. juni 2011 nr 30 om kommunale helse- og omsorgstenester m.m. (helse- og omsorgstenestelova) § 3-2 a, andre ledd, jf. lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukarrettigheter (pasient- og brukarrettighetslova ) § 2-1 e.

Med tilsvarande butilbod meiner ein omsorgsbustad med døgnkontinuerlig bemanning. Dei omsorgsbustadane som har eller vil få døgnkontinuerlig bemanning, vil vera omfatta av forskrifta.

Formålet til forskrifta er å sikre at brukaren får nødvendige og forsvarlige helse- og omsorgstenester, jf.helse- og omsorgstenestelova § 3-2 a, i samsvar med rettighetsbestemmelser i pasient- og brukarrettighetslova § 2-1 e.

Forskrifta skal bidra til å tydeleggjere kriteria for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad, samt å skildre korleis brukaren kan takast vare på i ventetida.

Forskrifta gjeld alle som bur eller oppheld seg i Ullensvang kommune, og som har eit varig, omfattande, døgnkontinuerlig pleie- og omsorgsbehov som ikkje kan stettast tilstrekkeleg i eigen heim. Langtidsopphald vert ytt ved ein av kommunen sine sjukeheimar eller ved bu- tilbod med tilsvarande tenester.

Ved tildeling av langtidsopphold skal plass fortrinnsvis gis nær søkaren si eksisterande bustadadresse. Dersom det ikkje er plass, kan ein verta sett på venteliste.

Ullensvang kommune nyttar beste effektive omsorgsnivå (BEON) som prinsipp ved tildeling av tenester og tiltak i omsorgstrappa.

Omsorgstrappa har tenestar på ulike nivå der aukande hjelpebehov blir møtt med aukande og meir omfattande tenestetilbod av ulik art. Tenester på eit lågare nivå skal som hovedregel vera prøvd ut før ein tildeler langtidsopphald på sjukeheim eller ved tilsvarande bustad. Vurdering av behov for helsehjelp skjer via kartleggingsverktøy som IPLOS og interne kartleggingsskjema. IPLOS er eit lovpålagt helseregister med data som skildrar bistandsbehov og ressursar til dei som søker eller mottar kommunale helse- og omsorgstenester.

Ved vurdering tar ein omsyn til:
A. Helsetilstand
B. Mental tilstand
C. Kognitiv svikt
D. Evne til eigenomsorg
E. Butilhøve
F. Nettverk og nettverket si omsorgsevne

Brukaren skal medvirka ved utforming av tenestetilbodet, jf. pasient- og brukarrettighetslova § 3-1.

Hovedkriteriet er at langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad vert tildelt til personar med behov for døgnkontinuerlig oppfølging av medisinsk behandling, pleie og tilsyn som ikkje krev sjukehusinnlegging, men kor behovet for hjelp er uføreseieleg og ikkje kan tidfestast.

Andre kriterier som skal leggjast vekt på ved vurdering for tildeling er:

A. Personar som har behov for langvarige helse- og omsorgstenester gjennom heile døgnet, og der andre tenester har vore prøvd utan å dekke nødvendig og forsvarleg behov for helse- og omsorgstenester.
B. Langtidsopphald skal i hovudsak nyttast for personar over 67 år.
C. Personar med behov for hjelp der nødvendig kompetanse og utstyr for å sikre helseoppfølging og behandling, berre kan gjevast på sjukeheim eller i tilsvarande bustad.
D. Personar i sluttfasen i livet med behov for tilsyn og omsorg heile døgnet.
E. Personar med langtkommen demens liding som har behov for kontinuerlig oppfølging, skjerming og omsorg gjennom heile døgnet.
F. Personar som bur heime med behov for meir enn 25 timar med kommunale tenester i heimen i veka, der behovet for tenester kan tidfestast kan vurderast til langtidsopphald.

Tildeling av langtidsopphald skjer på bakgrunn av helseopplysningar, søknad og vurdering av individuelle behov. På bakgrunn av dette vert det fatta eit enkeltvedtak.

Søknadsskjema finn ein på kommunen sine nettsider eller kan fås ved å venda seg til tildelingskontoret. Søknad sender ein til tildelingskontoret, som behandlar og vurderer søknaden og søkar sine behov for tenester. Dersom andre søker på vegne av brukar, må fullmakt frå søkar leggjast ved søknaden.

Dersom søkar fyller kriteriene for langtidsopphald, men kan få forsvarleg helse- og omsorgstenester i heimen medan ein ventar på langtidsopphald, skal kommunen setje søkar på ei venteliste dersom det ikkje er ledig plass. Ved ledig plass skal alle på ventelista vurderast av tildelingskontoret. Ved ledige plassar skal den med størst hjelpebehov ut frå kriteria i § 4 prioriterast. Tildelingskontoret har ansvar for å halde oversikt over personar som ventar, og å vurdera situasjonen løpande.

Det vert rapportert til Utval for kultur og eldreråd om status for ventelister til sjukeheimsplass i mai og desember i forbindelse med kvartalsrapport. Oversikt over tal på sjukeheimsplassar/tilsvarande butilbod vert ein del av rapporten.

Personar med vedtak og som ventar på langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad, skal få tenester som sikrar nødvendig og forsvarleg helsehjelp i ventetida. Dette kan til dømes vera auka heimesjukepleie, heimehjelp, dagsenter, støttekontakt, omsorgsbustad, korttidsopphald og/eller andre tenester i omsorgstrappa. Personar som mottar hovedomsorga frå sine pårørande, skal få tilbod om avlastande tiltak for særleg tyngande omsorgsoppgåver. Plass ved dag- og aktivitetssenter skal og vurderast.

Ved endring av helsetilstand i påvente av plass, må det gjerast ei ny vurdering

Tildelingskontoret skal handtere og avgjere saker utan ugrunna opphald. Dersom det vil ta uforholdsmessig lang tid før søknad kan avgjerast skal eit førebels svar sendast ut så snart ein kan. I svaret skal det gjerast greie for årsaka til at søknaden ikkje kan verta behandla tidlegare. Dersom det er mogeleg skal ein opplyse om når svar kan ventas. Førebels svar kan sløyfast dersom det vert vurdert som åpenbart unødvendig.

Det vert gjeve eit førebels svar om søknaden ikkje kan svarast på innan 3 veker etter den er mottatt.

Kommunen krev eigenandel etter forskrift om eigenandel for kommunale helse-og omsorgstenester.

Vedtak kan klagast til Statsforvaltaren, jf. pasient.og brukarrettighetslova § 7-2. Klagen skal vera skriftleg, jf. pasient og brukarrettighetslova § 7-3.

Klagen skal sendast til Tildelingskontoret i Ullensvang kommune som tar den til ny vurdering som første instans.

Dersom det ikkje vert gjeve medhald i klagen, skal tildelingskontoret – utan grunna opphald – sende klagen vidare til statsforvaltaren for endeleg vurdering og avgjerd.

Klagefrist er 4 veker, og skal gå fram av vedtaket jf.pasient-og brukarrettighetslova § 7-5. For meir opplysningar eller ved behov for hjelp å skrive ein eventuell klage, kan tildelingskontoret bistå.

Denne forskrifta er rettskraftig frå 09.12.20