Jente som er lei seg som sitter på ein stol med vaksenperson

Kommunepsykolog

Frå 1. januar 2020 er det lovfesta at alle norske kommuner skal ha psykologkompetanse. Fleirtalet av psykologar i kommunar som arbeider med barn og unge har styrka barn og unge sin tilgang til psykologhjelp og gitt eit betre lågterskeltilbod mange stader.

Les meir om dette på Regjeringa sine nettsider.

Kommunepsykologtenesta

Kommunepsykologtenesta er eit lågterskeltilbod til born og unge mellom 0-23 år, familiane deira, og aktuelle instansar kring bornet. Lågterskel betyr at me ikkje krev tilvising frå lege.

Kommunepsykologen gjer tilbod retta til personer med lette til moderate psykiske vanskar. Det er ein psykologspesialist i tenesta vår. Arbeidet er knytt til psykisk helse og psykososiale problemstillingar. Kommunepsykologen arbeider i hovedsak med å rettleia fagpersonar som treff born og ungdom, men treff enkelte gonger born og foreldre direkte.

Kommunepsykolog arrangerer barselgrupper og tilbodet er gratis.

 

Tiltak

  • Gruppetilbod – “Barselgruppe med vri”, “Open helsestasjon”
  • Kurs i “Godt samliv” og “COS”
  • Rettleiing til personalet i barnehagen, både knytt opp mot enkelte barn eller tema
  • Foreldrerettleiing/Rettleiing til personale ved skular i «Zippy»
  • Rettleiar til personale ved skulehelsetenesta i «Cool kids»
  • Deltaking på BTI-møte med personalet i barnehage og foreldre
  • Helsefremjande og førebyggjande arbeid og tidleg innsats utgjer hovedarbeidsområda
  • Tilgjengelegheit til fastsatte tidspunkt for henvendelser frå fagpersoner som arbeider med barn og unge i oppvekstsektor for drøftingar kring psykisk helse
  • Inngå i kommunen sitt planarbeid for tidleg og systematisk innsats for helse- og mestringsfremjande læringsmiljø i barnehage og skole.

 

Kontakt

Alle spørsmål til kommunepsykolog skjer gjennom kontakt med helsepersonell eller tilsette i skule, barnehage, barnevern, PPT og forvaltningskontor.