Person som holder kart i hendenen

Justering av grenser

Justering av eigedomsgrenser kan skje ved grensejustering eller arealoverføring, avhengig av kor stort det omsøkte arealet er.

Uavhengig av sakstype, må det gjennomførast ei oppmålingsforretning der dei nye grensene vert merka og målt. Resultatet av oppmålingsforretninga vert ført inn i matrikkelen, som er det offisielle eigedomsregisteret i Noreg.

 

Grensejustering

Ei grensejustering er ei mindre endring av grensa mellom to eigedomar. Grensejusteringar krev ikkje løyve etter plan- og bygningslova, med mindre tiltaket er i strid med lovverk og overordna planar.

  • Arealet for involverte eigedomar kan ikkje auka/reduserast med meir enn 5 %, og maksimalt 500 m².
  • Ein eigedom kan ikkje avgje areal som i sum overstig 20 % av eigedomen sitt areal før justeringa.
  • For anleggseigedomar kan ikkje volumet aukast/reduserast med meir enn 5 %, og maksimalt 1000 m³.
  • Verdien på eigedomen kan ikkje auka/reduserast med meir enn 1G (G = grunnbeløp i folketrygda).

For utdjupande reglar knytt til grensejustering sjå matrikkelforskrifta § 34 og matrikkellova § 16

 

Søknadsskjema:

Vedlegg:

  • Situasjonskart
    Situasjonskartet må syna eksisterande eigedomsgrenser, i tillegg til omsøkte grenser (nye grenser). Arealoversikt må koma tydeleg fram. Du kan bestilla situasjonplan hjå kommunen, eller skriva ut situasjonsplanen frå kartløysinga til kommunen
  • Nabovarsling: Byggesaksblanketter 

Sjå punkt E – Oppmåling i gebyrregulativ for matrikkelsaker

Merk at det i enkelte saker kan vera aktuelt å fakturera etter fleire punkt i gebyrregulativet.

Arealoverføring

Arealoverføring er ei større justering av grensa mellom to eigedomar. Arealoverføring krev søknad og løyve etter plan- og bygningslova. Arealet vert overført mellom tilgrensande matrikkeleiningar utan at arealet vert oppretta som eiga matrikkeleining.

For reglar knytt til arealoverføring sjå matrikkelforskrifta § 33 og matrikkellova § 15b.

Søknadsskjema:
Du kan nytta sentrale søknadsskjema frå Direktoratet for byggkvalitet og Kartverket:

Vedlegg:

Sjå punkt E – oppmåling (E.6 Arealoverføring) i gebyrregulativ for matrikkelsaker

Merk at det i enkelte saker kan vera aktuelt å fakturera etter fleire punkt i gebyrregulativet.