Mann som holder eit tak over eit spørsmålsteikn

Eigedomsskattenemnder i kommunen

Kommunestyret vel sjølv medlemmer og varamedlemmer til sakkunnig nemnd og  klagenemnd for eigedomsskatt, og blant medlemmene leiar og nestleiar. I tillegg skal det veljast varamedlemmer. Vedtaket kan ikkje delegerast til formannskapet. Valperioden fylgjer kommunevalperioden.

Medlem av formannskapet skal ikkje vera med i den sakkunnige nemnda eller klagenemnda for eigedomsskatt jf. eigedomsskattelova § 21. Spørsmål om opprykk og nyval i samband med at ein medlem i folkevalde organ går varig ut av styre, råd eller utval m.v, er regulert i kommunelova § 16. Viser elles til eigedomsskattevedtekter for Ullensvang kommune.

 

Sakkunnig nemnd for eigedomsskatt

Med heimel i eigedomsskattelova § 8 A-3 (4) vel kommunestyret ei sakkunnig nemnd for eigedomsskatt til å verdsetja eigedomar i Ullensvang kommune på bakgrunn av forslag frå synfaringsmenn. Sakkunnig nemnd skal ha minst tre medlemmer jf. kommunelova § 10.

 

Medlemmer i sakkunnig nemnd for eigedomsskatt i Ullensvang kommune:

VervNamnVaraNamn
VervLeiarNamnVidar SolviVaraVara 1NamnKnut Byrkjenes Hauso
VervNestleiarNamnIsak T. ReisæterVaraVara 2NamnLiv Sollesnes
VervMedlemNamnLiv Eikemo OpdalVaraVara 3NamnKnut Flatebø

 

Klagenemnd for eigedomsskatt

Med heimel i eigedomsskattelova § 20 vel kommunestyret klagenemnd for eigedomsskatt. Dei skal handsama klager når skattytar ikkje får mehald i sakkunnig nemnd for eigedomsskatt. Den sakkunnige klagenemnda skal ha fem medlemmer jf. eigedomsskattevedtekter for Ullensvang kommune pkt. 1.2.

 

Medlemmer i klagenemnd for eigedomskatt i Ullensvang kommune:

VervNamnVaraNamn
VervLeiarNamnPer Helge SekseVaraVara 1NamnJørund Kvestad
VervMedlemNamnNils Petter FreimVaraVara 2NamnLars-Arne Eide
VervMedlemNamnEvelyn Sekse Haustveit VaraVara 3NamnBente Bjotveit
VervNestleiarNamnOlav Magnus HammerVaraVara 4NamnEmil Tomasgard
VervMedlemNamnKjellaug Hoås SamlandVaraVara 5NamnMargreta Sandvin Eiken