Ullensvang kommune får omlag 1200 tilsette. Det er mange oppgåver som skal løysast i tida fram mot 2020. Prosessane er allereie godt i gang på alle nivå. Det er oppretta politiske -, koordinerte – og administrative arbeidsgrupper som skal kartlegge, planlegge og byggje ny kommune.

Tillitsvalde er representert i alle koordinerte og administrative arbeidsgrupper –  tillitsvalde har sjølv fordelt sine representantar i gruppene.

Dei tillitsvalde i Partsamansett utval har faste samarbeidsmøter med prosjektleiar og administrativ styringsgruppe som er dei tre rådmenna i Jondal, Odda og Ullensvang. Samarbeidsmøta har ein som intensjon å gjennomføra ein gong i månaden.

Prosjektleiar og administrativ styringsgruppe har også hatt samarbeidsmøte med hovedverneomboda i dei tre kommunane. Samarbeidsmøta har ein som intensjon å gjennomføra ein gong i månaden her også.

 

Aktuelt

Informasjon som er lagt ut på heimesida som er viktig for deg som tilsett å halde deg oppdatert på.

Arbeidsgrupper

Informasjon om dei ulike arbeidsgruppene som er sett ned i samanslåingsprosjektet.

Nyhende brev

Oversikt over "Nyhende brev" som er sendt ut til alle tilsette i dei tre kommunane i prosjektperioden.

Omstillings..

....avtalen og -utvalet har som mål å sikre ein føreseieleg omstillingsprsess for alle dei tilsette.

Prosess

Her finn du ulik informasjon om prosessen med å slå saman dei tre kommunane.

Kontakt oss

Har du spørsmål om prosessen med å slå saman dei tre kommunane?
Tips til informasjon på heimesida?

Ofte stilte spørsmål

I perioden frem mot 1. januar 2020 vil dei tre kommunane blir drifta normalt. Ved etablering av den nye kommunen, skjer det ei verksemdsoverdraging der alle som har ei arbeidsavtale som varer utover 31.12.2019, blir tilsett i den nye kommunen. Ingen tilsette vil bli sagt opp i samband med kommunesammenslåinga, men det kan vere at nokre tilsette får endra oppgåver.   Tilsette har rett til å reservere seg frå overdraginga. Dette har ingen hensikt ved kommunesammenslåing, då dei «gamle» kommunane ikkje lenger vil eksistere. I praksis betyr dette at tilsette som reserverer seg, vert sagt opp.

Dei fleste einingane vil halde fram som i dag etter kommunesammenslåinga. Dette vil typisk gjelde for stadbundne tenester som skule, barnehage og omsorgssenter. Sammenslåinga kan innebære endring av arbeidsstad for einskilde arbeidstakarar. Dette kan mellom anna gjelde stillingar innan stab, støtte og leiing. Kven dette vil omfatte veit vi først når den nye organisasjonen er klar og alle tilsette er plassert inn i stillingane. Arbeidsgjevar har ansvaret for å plassera deg i ny organisasjon. Før plasseringa besluttast kan du koma med dine ynskjer skriftleg.

Endringer av arbeidsoppgåver kan bli ein konsekvens ved kommunesammenslåinga som ein naturlig følgje av omstillinga. Dette vil særlig bli aktuelt for leiarar og administrative stillingar. Dette blir handtert i eigne prosessar i tett samarbeid med dei hovudtillitsvalde.

Arbeidsgjevar har ansvaret for å plassera deg i ny organisasjon. Før plasseringa besluttast kan du koma med dine ynskjer skriftleg.

Den sentrale tariffavtala mellom KS og hovudsamanslutningane vil gjelde i den nye kommunen. Du har rett til å behalde løns- og arbeidsvilkår som du har på overføringstidspunktet i den nye kommunen. Arbeidsgjevar vil saman med hovudtillitsvalde, i tida fram til kommunesamanslåinga, vurdere eksisterande avtalar og protokoller i dei «gamle» kommunane. Føremålet med dette er å vurdere om kommunane sine særavtaler skal vidareførast eller seiast opp. Vidare vil kommunane sine reglement, retningsliner med videre bli harmonisert. Etter kommunesammenslåinga kan vi oppleve at det vil vere nokre ulikskap i løn- og arbeidsvilkår mellom tilsette frå dei «gamle» kommunane. Målsettinga er å harmonisere skilnader i løn over tid.

Du har krav på alle lovbestemte permisjonar. Andre ikkje lovbestemte permisjonar som går utover 1.1.2020 må handsamast av omstillingsutvalet. Desse vil vera vanskeleg å få innvilga, og ein kan ikkje rekne med å koma tilbake i same stilling etter 1.1.2020. Permisjonar før 2020 avgjerast av den einskilde kommune

Pensjonsordningane er tariffesta og vil bli vidareført som dei er i kommunesektoren også etter samanslåinga av kommunane.

Det er dei hovudtillitsvalde og hovudverneombod frå dei tre kommunane som representerer dei tilsette i prosessene som kommunesamanslåinga medfører og som tek i vare dine rettar.

Du får informasjon om arbeidet med å etablere en ny kommune her på nettsida til Ullensvang kommune. Du kan også følgje prosessen på Facebooksida til Ullensvang kommune.

“Å skapa ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger”