Kommunesamanslåinga mellom Odda, Jondal og Ullensvang betyr at tre kommunale organisasjonar skal bli til ein.

 

I arbeidet med å byggja ein ny kommune er det er mange oppgåver av ulik karakter. Nokre oppgåver vil vera plassert under politisk ansvar og nokre under administrativt ansvar. I tillegg vil nokre oppgåver ha både politiske og administrative element i seg, og desse oppgåvene går under såkalla koordinert ansvar.

Det er lagt til grunn at samanslåingsprosessen for Ullensvang kommune skal organiserast som eit prosjekt med fleire delprosjekt – arbeidsgrupper – med eit felles overordna mål; “Å skapa ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger”

 

Hovudstruktur

Hovudstrukturen, samt mandat for arbeidsgruppene  vart vedteke i Fellesnemnda 06.12.17.

 

 

Politiske arbeidsgrupper

  • Politisk hovudstruktur og politisk reglement
  • Innbyggjarinvolvering i samanslåingsprosjektet
  • Kultur og identitet i Ullensvang kommune
  • Statlege arbeidsplassar
  • RV 13 og vegsambandet Odda – Jondal

Det blir vald 1 representant frå kvar kommune i dei politiske gruppene. Dei politiske arbeidsgruppene rapporterer til fellesnemnda.

 

Koordinerte arbeidsgrupper

  • Kommuneplan
  • Arbeidsgjevarpolitikk
  • Næring, samfunn og eigedom
  • Økonomisk politikk og økonomireglement
  • Førebu kommunevalet 2019
  • Eigarskap og interkommunalt samarbeid
  • Delegeringsreglement

Tillitsvalde er representerte med 2 hovudtillitsvalde i kvar av dei overordna koordinerte arbeidsgruppene (kan justerast etter behov). Det skal vere tillitsvalde representerte i undergruppene (etter behov). Dei administrative arbeidsgruppene rapporterer til prosjektleiar.

 

Administrative arbeidsgrupper

  • Administrativ organisering, stabsfunksjoner og utvikling av organisasjonen
  • Oppvekst og utdanning
  • Helse og omsorg
  • Tekniske tenester
  • Kultur og inbyggjarinterasjon

Tillitsvalde er representerte med 2 hovudtillitsvalde i kvar av dei overordna administrative arbeidsgruppene (kan justerast etter behov). Det skal vere tillitsvalde representerte i undergruppene (etter behov). Dei administrative arbeidsgruppene rapporterer til prosjektleiar.

 

Representantar til dei ulike hovudarbeidsgruppene, samt undergrupper er under arbeid. Oversikt over representantar i gruppene vil bli publisert på sida så snart dei er ferdigstilt.

 

Framdrift

Arbeidsgruppene skal kartleggje “kvar vi står” pr i dag, utarbeide forslag til “kvar vi skal” med den framtidige kommunen, og legge til rette for effektiv tenesteproduksjon i gjennomføringsfasen:

Mandat for overordna arbeidsgrupper – vedtak FN-029/17

Felles rammer

Gruppene skal, innafor sine ansvarsområde, utføre sitt arbeid i høve til dei føringar som er lagde i intensjonsavtalen, gjeldande lover, forskrifter, avtaleverk og vedtak fatta i fellesnemnda og PSU.

Politiske arbeidsgrupper er organisatorisk direkte underlagde fellesnemnda.

Administrative og koordinerte grupper er organisatorisk direkte underlagde prosjektleiar.

 

Organisering

Inndeling i ansvarsområde for dei overordna arbeidsgruppene blir vedteke av fellesnemnda.

 

Organisasjon

Gruppene skal sjå til at aktivitetane innafor sine ansvarsområde i den nye kommunen blir organiserte i føremålstenelege einingar, med tilstrekkeleg og god kompetanse i alle ledd. Etter at kommunen sin overordna verksemdsstruktur er lagt, skal dei overordna arbeidsgruppene vurdere og kome med forslag til organisering innafor sine ansvarsområde. Det skal, jfr. intensjonsavtalen, spesielt vurderast mogleg aktivitet i rådhusa i Jondal og Kinsarvik.

 

Undergrupper

Dei overordna arbeidsgruppene kan opprette undergrupper for å utgreie og/eller arbeide med avgrensa oppgåver. Dei momenta som ligg i dei overordna gruppene sitt mandat skal også vidareførast i evt. undergrupper i den grad det er relevant for dei einskilde undergruppene sitt arbeid.

 

Tilsette

Tilsette sine rettar etter lov, forskrift og avtaleverk skal vere i fokus i det arbeidet som gruppene skal gjennomføre i samband med etablering av den nye organisasjonen.

 

Innbyggjar- og brukarinvolvering

Arbeidsgruppene skal, innafor sine ansvarsområde, vurdere om innbyggjarar og brukarar kan involverast i gruppa sitt arbeid i prosjektfasen. Arbeidsgruppene skal, innafor sine ansvarsområde, også vurdere om det er føremålstenleg å etablere faste ordningar for innbyggjar og brukarinvolvering i den nye kommunen.

 

IKT/digitalisering

Arbeidsgruppene skal sjå til at dei fagsystem som blir valde er samordna, både internt innan ansvarsområda, men også sett i samanheng med kommunen sine fellesløysingar innan IKT. I alt arbeid skal gruppene søkje å oppnå høg grad av gode digitale tenester innan sine ansvarsområde. Dette gjeld internt, mot innbyggjarane og publikum elles.

 

Interkommunalt samarbeid

Gruppa skal kartlegge etablerte interkommunale samarbeid innafor sine ansvarsområde. Gruppene skal også kome med forslag til evt avvikling, vidareføring og trong for nye samarbeid.

 

Rapportering

Politiske arbeidsgrupper rapporterer til fellesnemnda. Administrative og koordinerte grupper rapporterer til prosjektleiar. Evt. undergrupper rapporterer til overordna gruppe sin leiar.

 

Arbeidsgruppene forheld seg til tidsfristar og fasar slik saksutgreiinga skisserer.