Me lagar ny visjon for Ullensvang kommune

- RØYST PÅ DIN FAVORITT!

Dei siste to vekene har me reist rundt i den nye kommunen vår og samla visjonsforslag frå dokke innbyggjarar. Me har besøkt samtlege skulegrender i kommunen og  fått inn over 60 gode visjonsforslag. Dessverre må me stå igjen med kun eit. 

Me ynskje derfor nok eingong di hjelp. Me har allereie valt ut det me meiner er dei 16 beste forslaga, som du kan røysta på fram til “Grevinnen og hovmesteren” ca. klokka 21:00 den 23. desember. 

Etter endt avstemming vil me ta med tre til fem av dei visjonane dokke har stemt fram som skal presenterast i ei sak til fellesnemnda for den nye kommunen i møte 7. februar – 19. Fellesnemnda vil her velja endeleg visjon for å ta den nye kommunen inn i framtida!

 

Det flotte forslaget til kommunevåpen er teikna av Vårinn, som går i klasse 7E på Odda barneskule.

10 VISJONSVERKSTADER vel gjennomført

I samband med kommunesamanslåinga og utarbeiding av ein ny felles kommuneplan er det gjennomført 10 visjonsverkstader rundt i den nye kommune. Me takkar alle som har delteke  for stort engasjement – dette har vore kjekt!

Følgjande visjonsverkstader er gjennomført: 

22.nov – Skare samfunnshus
26.nov – Røldal grendahus
27.nov – Hauso samfunnshus
28.nov – Krossvoll på Lofthus
29.nov – Odda vidaregåande skule (aulaen) 
3.des – Tyssohallen
4.des – Heradsstyresalen i Kinsarvik
5.des – Gymsalen på Vikebygd skule
6.des – Kommunestyresalen i Jondal.

#ullensvangkommune #kommuneplan #offentlegettersun #ullensvang2020 #ullensvangimitthjarta #ullensvang #jondal #odda #kommunesammenslåing mebyggjernykommune #dennyekommunenihardanger #livskraftig #attraktiv #framsnakking

Visjonsverkstad....

...i Skare

Ullensvang kommune:

  • Kommunen som vil – og får det til!
  • Levande grender gjev eit veksande senter!

Dete var nokre av forslaga som kom inn når vi hadde det fyrste av mange Visjonsverkstader. Vi takkar for oppmøte av engasjerte innbyggjarar i Skare og gleder oss allereie til måndag då Røldal står for tur.

...i Røldal

Måndag 26. nov var vi i Røldal på Visjonsverkstad. Her er nokre av forslaga vi fekk i møte med engasjerte Røldøler:

  • Ullensvang kommune – Fruktbart mangfald
  • Ullensvang kommune – Me aukar trafikken.

I morgen går turen til Hauso samfunnshus, vel møtt til det fyrste  av to visjonsverkstader i Ullensvang herad.

...på Hauso

Stinn brakke og engasjement på Hauso samfunnshus. 

Ullensvang kommune:

  • Ny utvikling og ljos i alle hus!
  • Draumen du ber på!
  • Plassen du reiser til – folka du aldri reiser i frå!

Er dette den nye visjonen for kommunen?

...på Lofthus

Kraftfulle og fruktbare Hardanger så klart! Så enkelt kan ein sei det. Vi har hatt verkstad på Lofthus der mange gode tankar rundt kommunesamanslåinga kom fram.

Andre visjonsforslag var:

  • Går du svanger – kom til Hardanger
  • For ei fruktbar framtid
  • Me skal bli fleire, med sikker tilgjenglighet til omverda.

...med elevar på Odda vgs

Visjonsverksted med engasjerte ungdommer på Odda vgs og her fekk vi svar på kva som er viktig inn i den nye kommunen.
 
Her har de nokre forslag på visjoner:
  • Ein sprudlande kommune
  • Bygd og by – naturleg nært.
  • Sikker veg, sikker framtid
  • Pass dykk!

...i Odda

Då er Visjonsverkstad i Odda gjennomført, der vi satsar på kvalitet framfor kvantitet.

Forslaga som kom fram på Visjonsverkstaden:

  • Eit løypenett for livet
  • Grøn vekst blant fjord, fonn og fjell
  • Høgsete for kreativitet, samarbeid og trivsel!

...i Tyssedal

Da har tyssedølingene fått sagt sitt, her er nokre av forslaga:

  • Ullensvang, ein kraftfull og blømmande kommune i Hardanger.
  • Noe på gang? Kom til Ullensvang!
  • Vi har alt, men trenger deg!

Har de nokre tankar om desse?

...i Kinsarvik

Masse engasjement og mange gode spørsmål då vi holdt visjonsverkstad i Kinsarvik.

Her har de nokre av forslaga:

  • Ullensvang kommune – Eit steg framom!
  • Ullensvang kommune – Kraftfull og raus
  • Ullensvang kommune – Mangfold og muligheter

...på Vikebygd

Vestsida av fjorden leverer igjen – fullt hus på Vikebyd! Her er nokre av forslaga for visjon som vi fikk i møtet:

  • Ullensvang kommune: Kraft til å spira, veksa og slå røtter mellom fjord og fonn.
  • Ullensvang – 24/7/365
  • Ullensvang – Ein positiv kommune i ord og handling
  • Musserande Ullensvang – Kraft i alle sansar!
  • Ullensvang: Med samhold og tradisjon inn i ei berekraftig framtid!

...i Jondal

Vi har nettopp gjennomført det siste av 10 visjonsverkstader og endeleg fikk Jondal gje sine forslag til visjon for Ullensvang kommune! Her er nokre av forslaga:

  • Ullensvang kommune – Med hjarta på rette staden
  • Me vil utvikla naturkommunen Ullensvang – vil du vere med?
  • Me gjer kulture vår levande med aktivitetar for mangfaldet – Ullensvang har mykje på gang!

Tidlegare innlegg:

Visjonsverkstad

I samband med kommunesamanslåinga og utarbeiding av ein ny felles kommuneplan treng me i Ullensvang kommune ein overordna visjon.

Offentlig ettersyn - Planprogram

I samband med kommunesamanslåinga har Fellesnemnda bestemt at vi skal starte arbeidet med ein ny felles kommuneplan....