Planen er klar – Det nye våpenet skal vere basert på Ullensvang herad sitt noverande. Det har det politiske fleirtalet i dei noverande kommunane bestemt.

Liljevåpenet er våpenskjoldet frå Aga slik ein finn det på gravsteinen til riddaren, riksråden og gulatingslagmannen Sigurd Brynjulvsson (1240-1303).

Det er viktig å hugse på at eit kommunevåpen er eit symbol på offentleg makt. Det representerer kommunen som avsendar. Kommunevåpenet er ikkje merkevarebygging av ein region, det er ikkje ein logo vi skal ha. Soleis passer arven etter Sigurd Lagmann godt.

Juryen legg her fram ulike versjonar av lilja der vi òg tillèt oss å nokre alternative tolkingar, samt noko heilt anna, som berre er tru i fargane.

Folkerøystinga er rådgjevande. Motiva vil bli tilpassa fram til det nye kommunestyret skal fatte vedtak i haust.

Kva er din favoritt? Røyst innan 20. juni!

1. Fransk lilje

– på raud bakgrunn ei gul lilje

Liljemotivet var svært populært i mellomalderen og var motiv i tidlegare franske kongevåpen, på myntar, segl og våpen og i utsmykking av kyrkjer. Her får lilja stå åleine. Fargane raud og gul(l) er maktfargar.

2. Tre franske liljer

– på raud bakgrunn tre gule liljer

Det er mykje som tyder på at riddaren på Aga har hatt forfedre som har delteke på ei krossferd og at det var slik våpenet kom til Hardanger. Liljeskjoldet på Aga kan ha vore gjeve honorært til ein hærmann frå Hardanger, truleg av den franske kongen.

3. Tre franske liljer med stolpe i kvitt

– på blå bakgrunn

Tre liljer for dei tre kommunane, med Folgefonna mellom. Blå for fjorden, kvitt for breen, snøen og fruktblomen. Ullensvang herad sitt noverande våpen, i ny fargekombinasjon.

4. Fransk lilje i naiv stil

– gul lilje på blå bakgrunn.

Inspirert av utskoren dekorlilje over døra i Lagmansstova i Agatunet, frå 1220. Eit nytt motiv, som tek vare på arven etter Sigurd Brynjulsson.

5. Hardangersaum - Eldjarnrosa

Eldjarnsrosa er mykje nytta på bringklut, belte og svartsaum. Eldjarnsrosa finn vi óg i hardangersaum, då helst som store motiv. Berre fargane er bevart frå Ullensvang herad sitt noverande våpen.

Om Agatunet

Agatunet er eit av dei få bevarte klyngetuna frå mellomalderen. Lagmannsstova er berre ein del av det som var eit større bustads- og representasjonsanlegg som sto på Aga, bygga etter europeisk modell. Her finn du Noregs eldste kjende rettsal, ein riddarresidens og spor etter mange år med kvardagsliv, reist av ei bemidla og mektig slekt. Lagmannsstova frå 1220 vart bygd som eit administrasjonsanlegg etter europeisk modell, og vart nytta som representasjonsbustad og rettslokale av slekta til riddaren Sigurd Brynjulvsson.

Sigurd Brynjulvsson
Sigurd Brynjulvsson (ca. 1235-1303) var godseigar, riddar og lagmann på Aga. Han tilhøyrde aristokratiet i Noreg og hadde tette band til kongemakta. Han var Gulatingslagmann i tida Magnus Lagabøtes Landslov vert gjeve (1274), Norges fyrste felles lovbok.

Lagmannen gikk frå ei rolle som lovkyndig, kongeleg tenestemann utan juridisk makt, til å verte ein dommar. I kraft av sitt verv som lagmann har Sigurd aktivt delteke i forvaltninga av tankar om samfunnsregulering gjennom nyansert lovgjevning, likheit for lova, rettvise for alle og ivaretaking av svakarestilte grupper – tanker som har leidd fram til den velferdsstaten me kjenner i dag.

Det er slik sett høveleg å ta vare på arva som ligg i kommunevåpenet til Ullensvang herad som symbol på den offfentlege forvaltninga.