Jondal, Odda og Ullensvang utgjer ein felles bu- og arbeidsregion og har samarbeid på fleire område over mange år. Som del av den nasjonale kommunereforma vedtok kommunane i 2016 å slå seg saman frå 1.1.2020. Den nye kommunen skal heita Ullensvang kommune og kommunesenteret skal vera i Odda.

Kommunesamanslåinga mellom Odda, Jondal og Ullensvang betyr at tre kommunale organisasjonar skal bli til ein. I arbeidet med å byggja ein ny kommune er det mange oppgåver av ulik karakter.

På denne sida finn du ulik informasjon om prosessen med å slå saman dei tre kommunane.

 

Det er lagt til grunn at samanslåingsprosessen for Ullensvang kommune skal organiserast som eit prosjekt med fleire delprosjekt – arbeidsgrupper – med eit felles overordna mål; “Å skapa ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger”. Les meir.....
Prosjektet vil ha fire hovudfasar. Dei to fyrste fasane går fram til fellesnemnda er sett ned etter kongeleg resulosjon hausten 2017. Dette fordi det er fyrst etter dette fellesnemnda får mynde til å gjera bindande vedtak på vegne av den nye kommune. Les meir....
Intensjonsavtale for samanslåin av Odda kommune, Jondal kommune og Ullensvang herad. Les meir....
Regjeringa vil styrkje lokaldemokratiet og gjennomfører ei kommunereform. Målet er større, meir robuste kommunar med meir makt og mynde. Som del av den nasjonale kommunereforma vedtok kommunane Jondal, Odda og Ullensvang i 2016 å slå seg saman frå 1.1.2020. Les meir om kommunereforma på: Regjerninga, KS eller Fylkesmannen i Hordaland sine sider.
I starten av prosjektet var det førebuande fellesnemnd som tok det ansvar for arbeidet med samanslåinga av kommunane. Etter kongelig resolusjon er det no fellesnemnda, som blei sett ned av herads- og kommunestyra i møte den 28.08.2017, som har det overordna ansvaret for samanslåinga og leier arbeidet fram mot etablering av Ullensvang kommune. Dei skal styra prosessen slik at ein når måla for den nye kommunen slik dei kjem fram i Intensjonsavtala. Les meir....
Jondal, Odda og Ullensvang utgjer ein felles bu- og arbeidsregion og har samarbeid på fleire område over mange år. Som del av den nasjonale kommunereforma vedtok kommunane i 2016 å slå seg saman frå 1.1.2020. Den nye kommunen skal heita Ullensvang kommune og kommunesenteret skal vera i Odda. Les meir....
I forbindelse med etableringen av Ullensvang kommune er Ingjerd Astad i KS-Konsulent as engasjert som prosjektleiar i den tidlege fasen av samanslåingsprosjektet. Les meir....
Dette dokumentet legg rammene for prosjektarbeidet mot etablering av Ullensvang kommune 2020. Les meir....