Jondal, Odda og Ullensvang utgjer ein felles bu- og arbeidsregion og har samarbeid på fleire område over mange år. Som del av den nasjonale kommunereforma vedtok kommunane i 2016 å slå seg saman frå 1.1.2020. Den nye kommunen skal heita Ullensvang kommune og kommunesenteret skal vera i Odda.

 

Til grunn for samanslåingsvedtaket ligg intensjonsavtala som vart vedteken i kommunestyra i 2016. Intensjonsavtalen lyfter fram fylgjande prinsipp for samanslåinga:

  • Å skapa ein ny kommune skal vera prega av likeverd, vidsyn og forståing av kvarandre sin ståstad.
  • Den nye kommunen skal utviklast og driftast med utgangspunkt i dei tidlegare kommunane sine fortrinn og sterke sider, men og ta inn over seg utfordringane i framtida.
  • Den nye kommunen skal organiserast slik at den kan møta framtida sine utfordringar og krav til tenesteutøving til innbyggjarane på ein god måte.

 Styringsdokument og prosjektplan legg rammer for prosjektarbeidet fram mot etablering av ny kommune, og dokumentet gjev mål og retning for arbeidet med kommunesamanslåinga. Styringsdokumentet skal vera eit levande arbeidsdokument som skal justerast og oppdaterast etter kvart som ny informasjon og nye styringssignal ligg føre.

 

Organisasjonskart

For at prosessen med å bygga ny kommune skal opplevast som god, er rolleavklaringa viktig. Det må vera klart kva for oppgåver, ansvar og mynde som vert lagt til dei ulike funksjonane/organa i prosjektorganisasjonen.

Etter kongelig resolusjon er det fellesnemnda som vart sett ned av herads- og kommunestyra i møte den 28.08.2017 som har det overordna ansvaret for samanslåinga og leier arbeidet fram mot etablering av Ullensvang kommune. Fellesnemnda skal styra prosessen slik at ein når måla for den nye kommunen slik det kjem fram i intensjonsavtalen.

 

 

 

Om fellesnemnda

Fellesnemnda består av 19 folkevalde representantar valde av og mellom medlemene i dei tre herads- og kommunestyra; 4 representantar frå Jondal kommune, 6 representantar frå Ullensvang herad og 9 representantar frå Odda kommune. Fellesnemnda vert leia av Roald Aga Haug, ordførar i Odda kommune. Nestleiar er Solfrid Borge, ordførar i Ullensvang herad.

 

“Fellesnemnd er det høgaste organet i Ullensvang kommune og kan samanliknast med kommunestyret i ein kommune.”

 

Mandat for fellesnemnda vart vedteke i kvart enkelt kommunestyre i dei tre kommunane: Mandat for fellesnemnda for nye Ullensvang kommune (L)(169107) (2)

Oversikt over fellesnemnda med vararepresentantar finn du på Odda kommune sine heimesider.

 

Om PSU – partsamansett utval

Når fellesnemnda skal behandla saker som gjeld forholdet mellom den nye kommunen som arbeidsgivar og dei tilsette, vert utvalet utvida med seks tillitsvalte. Utvalet vert då kalla partssamansett utval (PSU). PSU har alltid møte i forkant av møta i fellesnemnda.

Utvalet skal gi uttale i saker som vedrører overordna personalpolitiske spørsmål, retningsliner og planar i høve kommunesamanslåinga. Vedtak i PSU går vidare til fellesnemnda og vert beslutta endelig der.

 

“PSU kan samanliknast med administrasjonsutvalet i ein kommune. Utval med politikarar, administrasjon og tillitsvalde.”

 

Det er etablert eit partssamansett utval beståande av 9 politikarar (3 + 3 + 3) og 6 hovudtillitsvalde (2+2+2). Fellesnemnda utarbeider delegeringsreglement til utvalet. PSU vert leia av Jon Larsgard, ordførar i Jondal kommune. Nestleiar er Roald Aga Haug, ordførar i Odda kommune.

Oversikt over PSU – Partssamansett utval med vararepresentantar finn du på Odda kommune sine heimesider.