Personvern

Ullensvang kommune har ei rekke oppgåver og skal levere ei rekke tenester. Uavhengig av format og innhald, vil all informasjon på eit eller anna tidspunkt bli behandla elektronisk.

Personvernombod (PVO) vil bidra til at Ullensvang kommune etterlever dei juridiske krava til korleis personopplysningar skal bli behandla og kontrollerte.

PVO skal og vera bindeledd mellom kommunen og den registrerte i spørsmål om den registrerte sine rettar.

PVO vil medverke og vere ein ressurs slik at Ullensvang kommune syt for at tilsette og innbyggjarar sine personopplysningar blir behandla på rett måte.

Kontakter

Cato Underhaug

Personvernombud

Opheimsgata 31

5750 Odda

cato.underhaug@ullensvang.kommune.no

932 02 860