I starten av prosjektet var det førebuande fellesnemnd som tok det ansvar for arbeidet med kommunesamanslåinga. Etter kongelig resolusjon er det no fellesnemnda, som blei sett ned av herads- og kommunestyra i møte den 28.08.2017, som har det overordna ansvaret for samanslåinga og leier arbeidet fram mot etablering av Ullensvang kommune. Dei skal styra prosessen slik at ein når måla for den nye kommunen slik dei kjem fram i Intensjonsavtala.

Hovudstrukturen, samt mandat for arbeidsgruppene  vart vedteke i Fellesnemnda 06.12.17.

 

Fellesnemnda er det høgaste organet i Ullensvang kommune og kan samanliknast med kommunestyret i ein kommune. Nemnda består av 19 medlemmar; 4 frå Jondal, 9 frå Odda og 6 frå Ullensvang. Fellesnemnda vert leia av Roald Aga Haug, ordførar i Odda kommune. Nestleiar er Solfrid Borge, ordførar i Ullensvang herad. Les meir....
PSU kan samanliknast med administrasjonsutvalet i ein kommune. Det er etablert eit partssamansett utval beståande av 9 politikarar (3 + 3 + 3) og 6 hovudtillitsvalde (2+2+2). PSU vert leia av Jon Larsgard, ordførar i Jondal kommune. Nestleiar er Roald Aga Haug, ordførar i Odda kommune. Les meir....
Fellesnemnda har sett ned eit arbeidsutval, som har myndigheit til å gjere vedtak i enkeltsaker eller i saker som ikkje er av prinsipiell art. Arbeidsutvalet har innstillingsmynde til fellesnemnda. Arbeidsutvalet består av ordførarane i dei tre kommunane som skal slå seg saman. Les meir....
I forbindelse med etableringen av Ullensvang kommune er Ingjerd Astad i KS-Konsulent as engasjert som midlertidig prosjektleiar i den tidlege fasen av samanslåingsprosjektet. Midlertidig prosjektleiar leiar prosessen fram til fellesnemnda har tilsett endeleg prosjektleiar/rådmann for den nye kommunen, som ut frå den planlagte rekrutteringsprosessen skal vera klar til å starte opp i august 2018. Les meir....
  • Politisk hovudstruktur og politisk reglement
  • Innbyggjarinvolvering i samanslåingsprosjektet
  • Kultur og identitet i Ullensvang kommune
  • Statlege arbeidsplassar
  • RV. 13 og vegsambandet Odda Jondal
Les meir....  
  • Kommuneplan
  • Arbeidsgjevarpolitikk
  • Næring, samfunn og eigedom
  • Økonomisk politikk og økonomireglement
  • Eigarskap og interkommunalt samarbeid
  • Delegeringsreglement
Les meir....
  • Administrativ organisering, stabsfunksjonar og utvikling av organisasjonen
  • Oppvekst og utdanning
  • Helse og omsorg
  • Tekniske tenester, samferdsel, landbruk og miljø
  • Kultur og innbyggarinteraksjon
Les meir....