framover

I juni 2018 vart politisk og administrativ organisering av Ullensvang kommune vedteke i fellesnemnda.

Kommunalsjefar vart tilsett etter prosess jf. Omstillingsavtalen.

Administrativ organisering på verksemdsnivå har vert mykje arbeidt med siste tida og er no etter prosess med dei hovudtillitsvalde, hovudarbeidsgruppene, og den nye leiargruppa i sluttfasen. 

 

Digitalisering

"Andreas Sigvaldsen er tilsett som Digitaliseringsansvarleg for Jondal kommune, Odda kommune og Ullensvang herad, samt for den nye kommune. Dette er ei sentral stilling som skal jobbe med digitalisering, verksemdsarkitektur, forretningsutvikling, prosjekt og innovasjon."

IKT drift

"Frå 2. januar vart Geir Petter Larsen leiar for IKT i Jondal, Odda og Ullensvang kvar for seg. Og frå 2020 for Ullensvang kommune.”

Beredskapskoordinator

"Stig Hope er starta opp med beredskapsarbeid i 40% stilling frå nytt år (2019) for Ullensvang kommune.”

HR-sjef

"Eivind Gregersen er tilsett som HR-sjef i Ullensvang kommune. Dette er ei sentral og spennande stilling som inngår i rådmann si leiargruppe.”

Ole-Jørgen Jondahl er prosjektleiar for samanslåinga av dei tre kommunane.

Rådmann si leiargruppe er klar og  tilsett etter prosess jf. Omstillingsavtalen.

Samanslåinga er organisert som eit prosjekt med fleire arbeidsgrupper.

Politisk og administrativ organisering

I samband med etableringa av ny Ullensvang kommune har fellesnemnda tatt stilling til kva for politisk og administrativ organisering som skal utgjera grunnlaget for den nye kommunen. Organisasjonsstrukturen – både politisk og administrativt – vil vera ramma for arbeidet med framtidig samfunns- og tenesteutvikling kor innbyggjarar og brukar blir inkludert og teke med. Ei tydeleg organisasjonsbeskriving der ansvar og mynde er tydeleggjort, legg grunnlaget for god gjennomføringsevne og ein handlekraftig organisasjon.

Administrativ organisering verdsemdsnivå: Arbeidet med endeleg administrativ organiering er no etter prosess med dei hovudtillitsvalde, hovudarbeidsgruppene, og den nye leiargruppa sluttført.