Nytt kommunevåpen for Ullensvang kommune! Mange fine forslag har kome inn til idekonkurransen. 

#ullensvangkommune

#ullensvangimitthjarta

#mebyggjernykommune

#nyttkommunevåpen

Foto: Ingvild Ystanes

Tidlegare innlegg:

 

Korleis skal det nye kommunevåpenet til Ullensvang kommune sjå ut?

Bli med på idékonkurranse med utgangspunkt i Ullensvang herad sitt kommunevåpen. Vinnarutkastet vert premiert med 5 000 kr.  

  • Send oss ein eller fleire teikningar i fargar, A4-format, ein kan senda inn så mange skisseforslag som ein ynskjer.
  • Alle forslaga som vart teikna av elevar ved skulane i visjonsarbeidet i haust vert automatisk med i konkurransen.
  • Dei 5 beste forslaga vert utgangspunkt for ei rådgjevande folkerøysting.
  • Det nye kommunevåpenet skal utformast på grunnlag av Ullensvang herad sitt kommunevåpen.
  • Motivet skal vera samlande og representera den nye kommunen på ein god måte.  

 

Noverande kommunevåpen for Ullensvang herad skal vera utgangspunktet for det nye kommunevåpenet. Kommunevåpenet (godkjent i 1979) har ein gullbjelke med tre gullinjer, to over og ei under bjelken, mot ein raud bakgrunn. Motivet er henta frå våpenskjoldet til lagmannen Sigurd Brynjolvsson frå Aga.

Innkomne forslag vert vurdert av ein jury sett saman av:

  • 3 politikarar
  • 1 representant frå ungdomsrådet
  • 2 representantar frå administrasjonen
  • 1 person med kunstfagleg bakgrunn
  • 1 person med designfagleg bakgrunn
     

Jury og designar har rett til å gjera justeringar på innkomne forslag. 
 

Bakgrunnsiformasjon om kommunevåpen, sjå her.


Frist for innsending av forslag: 13. mars 2019
 

Send forslaga til: