For at prosessen med å bygga ny kommune skal opplevast som god, er rolleavklaring viktig. Det må vere klart kva for oppgåver, ansvar og mynde som blir lagt til dei ulike funksjonane/organa i prosjektorganisasjonen.

 

Prosjektleiing

KS-Konsulent Ingjerd Astad

I forbindelse med etableringen av Ullensvang kommune er Ingjerd Astad i KS-Konsulent as engasjert som prosjektleiar i den tidlege fasen av samanslåingsprosjektet. KS-Konsulent as, er eit heileigd dotterselskap av KS (kommunesektoren sin organisasjon). Midlertidig prosjektleiar leiar prosessen fram til fellesnemnda har tilsett endeleg prosjektleiar / rådmann for den nye kommunen, som ut frå den planlagte rekrutteringsprosessen skal vera klar til å starte opp i august 2018, jf. Fellesnemnda sak 030/17

 

Offentlig søkerliste – Prosjektleiar/rådmann

 

Delegering til midlertidig prosjektleiar – vedtatt av fellesnemnd 13.09.2017:

  • Mellombels prosjektleiar innstiller i alle saker til arbeidsutval og partssamansett utval.
  • Mellombels prosjektleiar har ansvar for at alle saker som vert lagt fram, er forsvarleg greidd ut, og har ansvar for at vedtak vert sett i verk.
  • Mellombels prosjektleiar har ansvar for koordinering av politiske og administrative prosessar og sørgjer for at det fattast vedtak som sikrar naudsynt framdrift for etableringa av den nye kommunen.  
  • Mellombels prosjektleiar vert gjeve mynde til å ta avgjerder i saker som ikkje er av prinsipiell art og der slik mynde ikkje er tildelt andre.
  • Mellombels prosjektleiar har innkjøps- og ansvarsmynde innan budsjettet til fellesnemnda i samsvar med vedtekne prioriteringar, og mynde til å anta tilbod/anbod dersom slik mynde ikkje er lagt til andre nemnder eller organ og dessutan å inngå kontraktar for arbeid og leveransar.

 

Administrativ styringsgruppe

Prosjektleiar har eit tett samarbeid med rådmennene i dei tre kommunane, og desse utgjer den administrative styringsgruppa i prosjektet. Rådmennene i kommunane har ei sentral rolle i gjennomføringa av samanslåingsprosjektet, dette både ut frå sin kompetanse og det ansvar dei har i kvar sin kommune pr i dag. Samhandlinga mellom dagens kommunar / herad og samanslåingsprosjektet er avgjerande for korleis vi lukkast med byggjinga av Ullensvang kommune.  Administrativ styringsgruppe bidreg som arena for den her samhandlinga.

Prosjektleiar leier samanslåingsprosjektet og rapporterer jamnleg til fellesnemnda. Ho legg til rette arbeidet i fellesnemnd, partssamansett utval og arbeidsutval – og innstiller i saker som skal handsamast i nemnd og utval. Prosjektleiar har ansvar for å koordinera prosjektet, dei ulike delprosjekta og hovedarbeidsgruppene.

 

Prosjektressursar

Prosjektleiar leiar også ressursane som er engasjert inn i kommunesamanslåingsprosjektet i perioden fram til 2020: