Kommunesamanslåinga skal organiserast som eit prosjekt der overordna mål er at Ullensvang kommune skal vera i drift 01.01.2020.

I tillegg er det eit mål om at prosessen skal gjennomførast med:

  • Openheit
  • Forankring i organisasjonane
  • Forankring hjå innbyggjarane
  • Samtidig som ein driftar noverande kommunar

 

Fasar, framdirft og aktivitetar

Prosjektet vil ha fire hovudfasar. Dei to fyrste fasane går fram til fellesnemnda er sett ned etter kongeleg resulosjon hausten 2017. Dette fordi det er fyrst etter dette fellesnemnda får mynde til å gjera bindande vedtak på vegne av den nye kommune.

  1. Prosjektetablering/planlegging
  2. Karlegging
  3. Utvikling og gjennomføring
  4. Avslutte

 

Framdriftsplan – jf. Styringsdok s.14

Fase Tidsrom
(frå-til)
Hovudoppgåver i fasen Dokument/Leveransar
Prosjektetablering 1.5.17 – 1.10.17 Førebuande fellesnemnd (FFN) og endeleg fellesnemnd (FN) konstituerast.
Styringsdokument, plan og prinsipp utarbeidast i fyrste versjon.
Styringsdokument/
ProsjektplanUtgagnspunkt for framdriftsplanPrinsippdokument vert vedteke
Prosjektorganisering

 

Planlegging

 

1.6.17 – 31.12.17 Avklaring av prosjektorganisering

Prosjektorganisasjon med styringsgruppe og arbeidsgrupper vert etablert.

Styringsdokument med framdriftsplan vert vedteke i FFN.

Mellombels prosjektleiar tilsett.

Mandat med delegering til prosjektorgan.

Mandat til arbeidsgruppe

Utlysing permanent prosjektleiar

Kartlegging 1.5.17 – 1.8.18 Arbeidsgruppene startar kartlegging av tenesteområda.

Kartlegging og gjennomføring av ulike oppgåver vil overlappe kvarandre.

 

Kartleggingsdokument

Innan 31.12.17 Alle system, avtalar, innkjøpsavtalar og interkommunale samarbeid vert kartlagde
Utvikle og gjennomføre 13.09.2017 Fellesnemnd konstituerer seg.  

 

Bemanningsplanar med oppgåve/
delegasjonsoversyn.

Nye interne og eksterne avtalar.

Organisasjonskart

Delegeringsreglement

1.1.18 – 1.8.18 Arbeidsgruppene kjem med framlegg til framtidig organisering av tenesteområda.
Innan 1.9.18 Politisk organisering vert vedteke.
22.05.2018 Ny rådmann vert tilsett.
1.1.19 – 1.3.19 Ny administrativ organisering vert vedteke.

 

Innan 1.7.19

 

Tilsetting av leiargruppe.
Nytt delegeringsreglement.
Avslutte 09.09.19 Innan 31.10.19

 

 

Kommuneval
FN vert oppløyst og nytt kommunestyre konstituerer seg.
Førebu implementering som ikkje kan verta gjennomført før 1.1.2020.
Reglement for nytt kommunestyre

Budsjett og økonomiplan for Ullensvang kommune

1.1.2020 Alle tre kommunane er avslutta og oppgåver og tilsette er overført til Ullensvang kommune.