Brosjyre om eigedomsskatt


Matrikkel


Berekna bruksareal


Betaling


Rollar – kven gjer kva?


Fritak

Informasjon om eigedomsskatt

På denne sida finn du informasjon om eigedomsskatt, taksering, synfaring og korleis du kan vende deg til kommunen med spørsmål eller meldingar knytt til takseringa.

Kontakt oss dersom du har spørsmål: postmottak@ullensvang.kommune.no

*Merk skriftlege førespurnadar ”Eigedomsskatt Ullensvang kommune”.

Foto: Vidar Solvi, Ullensvang kommune

Vedtak om eigedomsskatt

Odda kommune, Ullensvang herad og Jondal kommune vert samanslått til Ullensvang kommune frå 2020.

Fellesnemnda vedtok i sak 021/18 at Ullensvang kommune skal skriva ut eigedomsskatt etter eigedomsskattelova § 3 d. Dette alternativet inneber at det vert skrive ut eigedomsskatt på næringseigedom, kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum. Eigedomsskatt er eit årleg budsjettvedtak i kommunestyret.

Utskriving av eigedomsskatt er gjort for å styrkja kommuneøkonomien, og medverka til at kommunen kan oppretthalda eller betra tenestetilbodet til innbyggjarane.

Ullensvang herad hadde frå 2014 – 2019 eigedomsskatt på alle faste eigedomar. I ny kommune frå 2020 vert det ikkje skrive ut eigedomsskatt på bustader og hytter i tidlegare Ullensvang herad. Odda kommune og Jondal kommune hadde før kommunesamanslåing eigedomsskatt på “verk og bruk”. Dei får ved overgang til ny kommune utvida til all næringseigedom.

Les meir – Vedtak om eigedomsskatt i Ullensvang kommune