Høyring av formannskapet si innstilling til Budsjett 2020 og økonomiplan.

Høyring av formannskapet si innstilling til Budsjett 2020 – /økonomiplan. Kommunestyret skal vedta budsjett/økonomiplan den 18. desember. Høyringsinnspel kan sendast Ullensvang kommune (postmottak@ullensvang.kommune.no) fram til og med 17. desember

Innstillinga frå formannskapet til kommunestyret er :

  1. Ullensvang kommunestyre vedtek økonomiplan 2020-2023 og årsbudsjett 2020 i samsvar med rådmannen sitt forslag både når det gjeld drifts- og investeringsbudsjettet.
  2. Ullensvang kommunestyre vedtek at det ved berekning av forskotsskatt og formuesskatt skal nyttast gjeldande maksimalsatsar på inntekt og formue i 2020.
  3. Med heimel i eigedomsskattelova (esktl.) § 2 skriv Ullensvang kommune ut eigedomsskatt for året 2020.

Heimel for skattlegging og utskrivingsalternativ
I samsvar med vedtak i fellesnemnda sak 021/18 av 27.04.2018 skal det skrivast ut eigedomsskatt etter eigedomsskattelova § 3 d) for eigedomsskatteåret 2020. Dette inneber at kommunen i 2020 skriv ut eigedomsskatt på næringseigedom, kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum. Det er stadfesta gjennom vedtak i fellesnemnda, at det ikkje skal krevjast inn eigedomsskatt på bustader eller fritidsbustader.

Særskilt skattegrunnlag på tidlegare verk og bruk
For eigedomsskatteåret 2020 skal det òg skrivast ut eigedomsskatt på eit “særskilt fastsett grunnlag” redusert med to sjuandedel i 2020 jf. overgangsregelen til esktl. §§ 3 og 4. Grunnlaget er differansen mellom takst fra 2019 (utan utstyr og installasjonar) og skattegrunnlag frå 2018 (med utstyr og installasjonar). Grunnlaget skal trappast ned over ein periode på sju år. Verk og bruk vert sett på som næringseigedom frå 2019. Ullensvang kommune vil få eit samla tap på kr 8.499.441 (kr 607.103 i 2020). Kommunen er lova “tilnærma full kompensasjon” av skattetapet kommunane får som fylgje av endringane i eigedomsskatt på verk og bruk. Kompensasjonen er i 2019 gitt som skjønstilskot frå departementet. For 2020 vil denne kompensasjonen bli flytta over frå skjønstilskot til særskilt fordeling i det ordinære rammetilskotet (innbyggjartilskotet).

Eigedomsskattesats
Den alminnelege eigedomsskattesatsen for 2020 er 7 promille jf. esktl. § 11. Skattesatsen på det særskilte eigedomsskattegrunnlaget er 7 promille.

Eigedomsskattevedtekter
Kommunen sine vedtekter for eigedomsskatt vert vedteke av kommunestyret desember 2019 (i eiga sak i dagens kommunestyremøte).

Terminar for innbetaling
Eigedomsskatten vert skriven ut i fire terminar jf. esktl. § 25. Kommunen kan opna opp for månadleg fakturering. Eigedomsskatten vert fakturert saman med dei andre kommunale eigedomsgebyra (vatn, avløp, slam, feiing og renovasjon).

Verdsettingsprinsipp
Næringseigedomar vert verdsett etter eigedomsskattelova § 8 A-2. Kraftanlegg vert verdsett etter verdet som anlegget vert sett til ved fastsetjing av formues- og inntektsskatt året før skatteåret jf. esktl. § 8 B-1.

Nemnder
Kommunestyret har i møte 23.10.2019 valt sakkunnig nemnd for eigedomsskatt og klagenemnd for eigedomsskatt. Sakkunnig nemnd for eigedomsskatt har ansvar for å fastsetja takstane.

Alminneleg takseringsår og harmonisering
Alminneleg takseringsår (taksttidspunkt) er 2020. Det skal normalt vera ei allmenn taksering i kommunen kvart tiande år jf. esktl. § 8 A-3. Kommunen har ein overgangsperiode på tre år på å harmonisera eigedomskatten på bakgrunn av kommunesamanslåinga. Ullensvang kommune har starta ny taksering, og vil harmonisera eigedomsskatten i alle dei tre tidlegare kommunane frå 2020.

Fritak etter §7
For eigedomsskatteåret 2020 kan kommunestyret gje fritak/delvis fritak til eigedomar etter esktl. § 7 a) og b) (i eiga sak i dagens kommunestyremøte).

  1. Renter av ulike fond, unntatt for vann, avløp og renovasjon og Skjeggedalsfondet vert brukt i drifta.
  2. Odda kommunestyre vedtar låneopptak i 20202 til investeringer på til saman inntil kr 236,825 mill fordelt slik: Vatn kr 65,0 mill, Avløp kr 9,0 mill, Renovasjon kr 15,0 mill og vidare Eide sjukeheim, Jondal skule og andre utbetringar ihht investeringsbudsjettet sum kr 147,825 mill. Rådmannen vert gitt fullmakt til å godkjenne lånevilkåra inkl. avdragstid.
  3. Ullensvang kommunestyre godkjenner låneopptak av Startlån stort kr 10 mill.
  4. Rådmannen vert gitt fullmakt til å ha trekkrett på inntil kr 40 mill.
  5. Brukarbetaling for kommunale tenester blir fastsett som vist i vedlagte gebyrhefte, pluss desse tilleggspunktene som må bakast inn:
    1. Feiegebyr blir sett til kr 400 pr pipeløp i alle tre kommunane (og altså ikkje slik det stod i sak FN-028/19 den 27.09.2019).
    2. Priser for IHM IKS slik det kjem fram i gebyrforskrifta 2020 i eiga sak “Avgifter renovasjon Jondal (tidlegare kommune) og Ullensvang (tidlegare herad) 2020”.
    3. Frå 01.08.2020 vil alternativet med 4 dagar i barnehagen falle vekk (kun 3 eller 5 dagar er tilbydt).
  6. Ullensvang kommunestyre godkjenner at dei kommunale tenestene vert utfakturert månadleg, bortsett frå eigedomsskatt som vert fakturert kvartalsvis. Unntaket er første kvartal 2020 då dei kommunale eigedomsgebyra for dette kvartalet vert fakturert med forfall 20. mars 2020.
  7. Inntekter frå sal av tomter m.v. og som skal inntektsførast i investeringsrekneskapen, vert sett av til ubunde investeringsfond så langt rekneskapsforskriftene ikkje tilseier noko anna.
  8. Driftstilskotet på kr 12.200.000 for 2020 til Ullensvang kyrkjelege fellesråd skal også dekke parktenester (740.000 kr), reinhald (55.000 kr) og rekneskapsføring (150.000 kr), det vil sei at driftstilskotet netto blir kr 11.255.000 i 2020. Til investeringsformål får fellesrådet kr 850.000 i 2020.
  9. I vedlegg til denne sak finn ein Satsar for festeavgift, kremasjonsavgift, satsar for gravlegging av utanbygds* kiste/ urne og bruk av gravkapell, slik dei er foreslått i Kyrkjeleg Fellesnemnd sak 020/19. Desse vert med dette vedtatt.
  10. Vedlagt finn ein Budsjettforslag for kontrollutvalet i Ullensvang kommune for 2020. Forslaget skal følge innstillingen til årsbudsjettet etter kommuneloven § 14-3 tredje ledd til kommunestyret eller fylkestinget.
  11. Ullensvang kommunestyre gir rådmannen i oppdrag å leggja fram ein konkret plan for effektivisering og gevinstrealisering våren 2020.
  12. Ullensvang kommunestyre ber rådmannen gjennomføra ei vurdering av verkstadfunksjonen på Lindenes i løpet av 2020. Vurderinga skal leggjast fram for kommunestyret i samband med budsjettarbeid 2021.
  13. Budsjettforslag, endringar til rådmannens framlegg frå R, V, UAP, Krf og SV. Forslaget inneber 9 millionar kroner mindre fondsbruk enn innstillinga frå rådmannen.
  • Hordalandsdiagonalen: kr. 1.000.000,-
  • Overføring til politiske parti skal vidareførast: kr. 156.000,-
  • Idrettsanleggsplanen: kr. 2.500.000,-
  • Stønad til ferieheimen Kjellesvik: kr. 50.000,-
  • Stønad til 1. Mai arrangement, vedtekter: kr. 60.000,-
  • Stønad 17. Mai arrangement jf, vedtekter: kr. 100.000,-
  • Stønad til løypeselskapet Seljestad. Løypekjøring: kr. 250 000,-
  • = Total budsjettauke: kr. 4.116.000,-

Vedlikehald ved bruk av vedlikehaldsfond:
Auka vedlikehald: kr. 4.000.000,-
Asfalt: kr. 4.000.000,-
Vedlikehald: kr. 8.000.000,-

Resultatforbedring drift med særleg fokus på gevinstrealisering innan administrasjon 2% effektivisering i organisasjonen ½ års verknad =

  • kr. 13.000.000,- (2020)
  • kr. 26.000.000,- (2021)

Investeringsbudsjett:
Investeringar: Odda barneskule gymsalar

  • kr. 13.000.000,- (2020)
  • kr. 10.000.000,- (2021)

Rådmannen vert beden om å gjera ei skikkeleg vurdering av om prosjektet kan realiserast fullgodt med ei vesentleg lågare investering. Vedlikehaldet vert finansiert med auka låneopptak.

  1. Regionalt pilegrimssenter i Røldal. Pilegrimssatsing 2019-2035 (nasjonalt program).
    Ullensvang kommune set av kr. 400.000,- som delfinansiering av prosjektet og forutset at fylke og stat innlemmer Røldal som regionalt pilegrimssenter. Ullensvang kommune legg vekt på overtaking av prestegarden i Røldal til nytte for pilegrimsatsinga og andre føremål, som t.d. bedehus/soknehus. Ein vil laga eitt prosjekt der prestegarden går inn i dette prosjektet. Samt at bedehuset vert selt og midlane inngår i prosjektet.

Verbalforslag:

  1. Lokale innkjøp – Kommunen skal handla lokalt. Alle innkjøp skal vurderast i høve til å nytta lokale innkjøp så langt det er mogleg. Anboda må vera utforma slik at lokale firma i Ullensvang kommune i så stor grad som mogleg vert nytta. Rådmannen skal ha tett dialog med lokale tilbydarar og varsla dei om nye anbod/fornying i god tid.
  2. Det skal vera ei aktiv bustadpolitikk. Kommunen skal nytta husbanken sine verkemiddel i langt større grad enn i dag. Ullensvang kommune si målsetjing er å låna ut startlån – med om lag 20 millionar kroner for året 2020. Rådmannen skal sørga for at ordninga er godt kjent og gjera vurderingar der langt fleire enn i dag får startlån. Dei skjønnsmessige vurderingane skal legga til rette for at husbanken sine verkemiddel bidreg til at innbyggarar etablerer seg i kommunen.
  3. Rådmannen legg fram ei fullstendig fondsoversikt.
  4. Prosjekt lokalisering av Helsehus Odda, vert raskt avklart, jf dialog med Helse Fonna og/eller private aktørar Odda sentrum. Avklaring må skje innan 2020.