60% prosjektstilling ved “Muligheten”

60% prosjektstilling ved “Muligheten” i perioden 01.01.2020-31.12.2020

NAV Ullensvang har ledig kommunal stilling som arbeids- og aktivitetsleiar vedaktivitetssenteret «Muligheten» i perioden 01.01.2020-31.12.2020. Stillinga er eige prosjekt i Ullensvang kommune og kan verta forlenga.

Oppgåver knytt til stillinga som aktivitetsleiar::

  • Organisera og vidareutvikla tilbodet innanfor gjeldande lover og reglar.
  • Motivera brukarane til arbeidsretta aktivitet og jobbsøking.
  • Samarbeid med jobbsjansen og TUKI prosjektet om etablering av nye arbeidsplassar for målgruppa i tråd med politiske føringar.
  • Samarbeida med kommune, privatpersonar og lokalt næringsliv om aktuelle arbeidsoppgåver.
  • Budsjett og økonomioppfølging for tenesta, herunder fakturering av oppdrag.
  • Individuell brukaroppfølging
  • Arbeidsoppgåvene krev at søkjar har god helse
  • Førarkort klasse b

Me ynskjer at du har:

  • Relevant høgskuleutdanning innan helse, pedagogisk eller sosialfag, og evne til praktisk oppgåveløysing og organisering av tilbodet,.
  • Evne til sjølvstendig og systematisk arbeid
  • Evne til å motivera og leggja til rette for at einskildpersonar kan nytta si kompetanse til relevante arbeidsoppgåver.
  • Erfaring frå tilsvarande arbeid
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Me ynskjer at du er:

  • Fleksibel, løysingsorientert og har evne til å arbeide i team
  • Oppteken av å skape god dialog og relasjon med brukaren
  • God til å motivere og skape tryggleik og mestringskjensle for deltakarane.
  • Det vert lagt stor vekt på personleg eigenskapar til stillinga.

Me kan tilby:

  • Spanande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Tilsetjing i kommunal stilling og løn etter avtale
  • Fleksibel arbeidstid

Arbeidsstad: Kinsarvik

Kontaktinformasjon

Tenesteleiar for Nav og flyktningtenesta Ingvild Sperrevik mob 97 09 87 64

ingvild.sperrevik@ullensvang.kommune.no

Søknadsfrist: 08.12.2019

Søknad merka St.nr. 19/904 sender du her.