100% vikar konsulent kommunal stilling ved Nav

100% vikar konsulent 01.01.2020-31.12.2020 – kommunal stilling ved Nav (med atterhald om politisk godkjenning i budsjett 2020)

Kort om stillinga

Ullensvang kommune har ledig 100 % vikariat  som rettleiar, gjeldsrådgjevar og sakshandsamar for Husbanken sine ordningar f.o.m 01.01.2020-31.12.2020. Arbeidsoppgåvene kan verta endra og kan tilpassast søkjar sine kvalifikasjonar og kompetanse

Kvalifikasjoner

  • minimum 3-årig utdanning fra høgskule eller universitet, gjerne innan økonomi og/eller sosialfag.
  • Erfaring frå tilsvarande arbeid kan kompensera for utdanningskravet
  • rettleiarkompetanse
  • god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • erfaring med bruk av data som arbeidsverktøy
  • erfaring fra NAV en fordel
  • personlig egnethet vil bli vektlagt
  • førerkort klasse B og bør disponere eigen bil

Arbeidsoppgaver og ansvar

  • rettleiing, informasjon og rådgjeving knytt til NAV sine tenester
  • heilskapleg oppfølging av brukarar som har behov for bistand knytt til stillinga sitt ansvarsområde
  • bistå brukarar som har store gjeldsproblem
  • økonomisk rådgjeving, bl.a setje opp realistisk budsjett, kontakt med kreditorar, bistå med å inngå gjeldsordningsavtalar, kartlegge gjeld, inngå nedbetalingsavtalar med kreditorar, søke berostillelse/betalingsutsettelse
  • samarbeide med øvrige ved kontoret, eksterne samarbeidspartnarar og ulike kredittinstitusjonar
  • kontakt og samarbeid med arbeidsmarkedet og andre eksterne samarbeidspartnarar
  • vurdere rettigheiter etter gjeldande regelverk som bl.a. Lov om sosiale tjenester i NAV, NAV lova, Folketrygdloven m.m.
  • sakshandsaming innan Husbanken sine ordningar

Personlige eigenskapar

Me søkjer deg som har gode samarbeidsevner, er god til å snakke med folk og skape gode relasjonar. Det er ein føresetnad at du har god økonomiforståelse. Du er strukturert og effektiv, og du bør vera fleksibel, ha gode haldningar og vera serviceinnstilt. Me søkjer deg som kan vere ein del av teamet, bidra til å skape gode brukermøter. Positivt menneskesyn og godt humør vil både brukarane og dine nye kollegaer sette pris på.

Me kan tilby

  • godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø
  • løn etter kvalifikasjonar
  • konkurransedyktig pensjonsordning

Tenesteleiar Nav og flyktningtenesta Ingvild Sperrevik tlf 97 09 87 64

Epost: ingvild.sperrevik@ullensvang.kommune.no

Søknadsfrist: 08.12.2019

Søknad merka St.nr. 19/904 sender du her.