100% FAST STILLING SOM PROSJEKTINGENIØR

Søk på stilling

Saksnr.

  • 19/1153-2019016850
  • 2019016850

Ullensvang kommune – ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Me kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder med arbeidsplassar både i Kinsarvik og Jondal.

Oppdraget vårt er å levera gode tenester, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser me dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.

Vil du vera med å byggja nye Ullensvang Kommune?

Me treng dyktig, løysingsfokusert og positiv prosjektingeniør på laget vårt i Prosjekt og Utvikling – tenesteområde under sektoren Teknikk og Miljø. Ein spennande jobb i eit godt fagmiljø, på ein arbeidsplass det er lett å trivast.

100% FAST STILLING SOM PROSJEKTINGENIØR.

Du vert del av laget på tenesteområdet Prosjekt og Utvikling, eit sterkt lag som har ansvar for investeringsprosjekta i Ullensvang kommune. Det er svært stor aktivitet på både store og små investeringsprosjekt i åra som kjem innan nybygg, renovering av kommunale bygg, veg og park-anlegg, ras- og flaumsikring samt vatn- og avlaupsanlegg. Hovudarbeidsoppgåva vil vere å gjennomføre investeringsprosjekt.

Me ser etter deg som:

  • har erfaring og god kompetanse innan prosjektleiing
  • er løysingsfokusert og ser etter moglegheiter
  • er engasjert, fleksibel og likar utfordringar
  • er strukturert og resultatorientert
  • er målretta og har evne til å jobbe sjølvstendig
  • er framoverlent og likar god framdrift
  • har gode samarbeidsevner og likar lagarbeid
  • viser stoltheit for arbeidsplassen og er ein god omdøme-byggjar
  • trivast med å jobbe tverrfagleg
  • er glad i deling av kunnskap og involvering
  • har positiv haldning og godt humør
  • er ein god bidragsytar til eit inkluderande og godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar:

  • Det vert lagt vesentleg vekt på personlege eigenskapar som nemnt over.
  • Høgare utdanning innan ingeniørfag eller annan teknisk kompetanse.
  • Erfaring frå prosjektleiing innan byggfag, VA eller vegprosjekt.
  • Erfaring frå kommunal sektor er fordel men ikkje eit krav.
  • Kunnskap og erfaring innan klima, energi og miljø er ynskjeleg.
  • Struktur og budsjett-disiplin i prosjektgjennomføring.
  • Gode datakunnskapar og evne til å setje deg inn i og bruke ulike program og system.
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Vårt skriftspråk er nynorsk.
  • Førarkort klasse B, og du må disponere eigen bil i teneste.

Me tilbyr:

  • Unik moglegheit å vere med å utvikle nye Ullensvang kommune
  • Variert stilling med mange oppgåver
  • Utvikling av eigen kompetanse
  • Eit sterkt lag og godt fagmiljø
  • Eit godt og positivt arbeidsmiljø
  • Arbeidsplass i Odda eller Kinsarvik
  • Løn etter avtale
  • Fleksibel arbeidstid
  • Tariffesta pensjons- og forsikringsordningar

Stillinga er ledig frå 01.03.2020 eller etter avtale.

Spørsmål til stillinga kan rettast til verksemdsleiar Marit Ystanes, mobil 926 82 815 eller e- post marit.ystanes@ullensvang.kommune.no.

Søk på stillinga

Søknadsfrist: 11. desember 2019.