100% stilling som byggesakshandsamar ved Bygg og kart/oppmåling

Søk på stilling

Saksnr.

  • 19/1146-2019016781
  • 2019016781

100% stilling som byggesakshandsamar ved Bygg og kart/oppmåling

Hovudarbeidsoppgåver for stillinga:

Frå og med 2020 blir Odda, Ullensvang og Jondal til nye Ullensvang kommune. Eit av føremåla med kommunesamanslåinga er å skapa sterkare kompetansemiljø innan tenestene.

Stillinga omfattar arbeid med rådgjeving, tilsyn og sakshandsaming av konkrete byggeprosjekt. Ein vil òg bidra inn i kommunen sitt plan- og utviklingsarbeid. Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga.

Ein vil samarbeida med våre øvrige byggesakshandsamarar og kollegiet på sektoren Kultur, Næring og Samfunn. Tilgrensande fagfelt omfattar mellom anna plan, geodata/oppmåling, naturmiljø, næring og landbruk.

Ein vil vera fleksibel i høve til kvar det er mest praktisk for den nytilsette å ha fast oppmøteplass. I utgangspunktet ligg byggesak i Odda, men oppmøte i Kinsarvik eller Jondal kan òg vere aktuelt deler av veka.

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • Relevant høgare utdanning.
  • Eksempel kan vere ingeniørhøgskule med relevant studieretning, planleggarutdanning frå høgskule/universitet, naturviter- eller juristutdanning.
  • Kunnskap om plan- og bygningslova med tilhøyrande forskrifter vil bli vektlagt.
  • Relevant erfaring og personlege eigenskapar vil bli tillagt betydeleg vekt ved vurdering av kompetansekrav.

Egenskaper

  • Ønske om å bidra til å utvikla nye Ullensvang kommune.
  • Evne til å arbeida systematisk.
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner vert vektlagt.

Me kan tilby

  • Fast stilling.
  • Ullensvang kommune har avtale om inkluderande arbeidsliv (IA).
  • Interessante arbeidsoppgåver i eit kompetent og utviklingsretta fagmiljø.
  • Lønn etter avtale.
  • Fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

Opplysningar om stillinga får du hjå;

  • Siv Marislett Sekse, Verksemdsleiar for byggesak og kart/oppmåling i nye Ullensvang kommune Tlf.: 975 58 605 eller epostadresse: siv.m.sekse@ullensvang.kommune.no
  • Kristian Bondhus-Jensen, Plansjef Tlf.: 975 58 600 eller epostadresse: Kristian.bondhus-jensen@ullensvang.kommune.no

Søk på stilling

Søknadsfrist: 11.12.19