Betaling for kommunale tenester

Betaling av kommunale tenester for Jondal, Odda og Ullensvang kan ha anna forfall enn vanleg, dette på grunn av kommunesamanslåinga og byte av økonomisystem. Formålet er at alt som gjeld 2019 skal inn i 2019 i dei respektive kommunane.

I januar 2020 startar fakturering for tenester i 2020, nærare informasjon vil fortløpande bli lagt ut på www.ulllensvang.kommune.no.

Ullensvang sitt nye bankkontonummer blir automatisk oppdatert på alle fakturaer som blir sendt ut frå oss.

Har du spørsmål til innbetaling eller faktura ta kontakt på okonomi@ullensvang.kommune.no eller mob. 482 40 132 (økonomiavdelinga)

Informasjon til leverandører

Leverandørane våre fekk informasjon om den nye kommunen og byte av økonomisystem tilsendt i september 2019; Fakturaer som gjeld leveransar i 2019 skal fakturerast dei respektive kommunane Jondal kommune, Odda kommune og Ullensvang herad. Vi ber om at desse fakturaene vert sendt oss seinast 13.12.2019.

For leveransar i 2020 sjå informasjon på www.ullensvang.kommune.no, eller ta kontakt per e-post: okonomi@ullensvang.kommune.no