Ledig stilling – Leiar for NAV Ullensvang

Søknadsfrist:08.12.19

Søk på stilling

Saksnr:

  • 19/1128-2019016298
  • 2019016298

NAV leverer arbeids- og velferdstenester og har 19 000 medarbeidarar fordelt over heile
landet. NAV skal gje menneske moglegheiter og hovudmålet er å få fleire i arbeid. NAV
Ullensvang er inne i ein spanande moderniserings- og endringsfase. Me søkjer deg
som vil ta utfordringa med å byggja og leia ei felles Nav teneste for den nye kommunen.

NAV Ullensvang er eit partnarskap mellom NAV Vestland og Ullensvang kommune og er
likeverdige eigarar av NAV kontoret. Leiaren har det faglege og administrative ansvaret,
og den viktigaste oppgåva blir å sikre gode heilskaplege tenester og ivareta samfunnet
sitt mål om størst mogleg yrkesdeltaking. Samarbeid på tvers av kommunar vil bli
avgjerande for å vidareutvikle tenestene.

Nav Ullensvang har i dag 23 tilsette fordelt på statlege og kommunalt tilsette. Kontoret
yter tenester etter den statlege tenestemenyen, tenester heimla i Sosialtenestelova;
økonomisk råd og rettleiing, gjeldsrådgiving, kvalifiseringsprogram med meir.
Nav Ullensvang skal ha ein felles leiar med kommunalt tilsetjingstilhøve.

Sentrale arbeidsoppgåver

  • Medverke til å realisere NAV reforma i samarbeid med kommunen
  • Bidra til å sikra samordning og samhandling på tvers av organisasjonen
  • Fag-, personal-, budsjett og resultatansvar
  • Sikre målet om effektiv drift og utvikling av velferdstenestene med særleg fokus på brukarane sine behov
  • Aktiv kontakt med næringsliv, offentleg- og frivillig sektor
  • Sikre tidleg innsats for alle brukargrupper
  • Resultatansvar knytt til målet om fleire i arbeid/aktivitet og færre på stønad
  • Systematisk arbeid for eit godt arbeidsmiljø og kontinuerleg forbetring
  • Sikre samhandling, heilskap og fleksibilitet innan fagområda
  • Vera pådrivar for å utvikle gode rutinar, systemretta arbeid og effektiv tenesteyting
  • ved bruk av teknologi og digitale løysingar
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

Formelle kvalifikasjonskrav

  • Minimum 3-årig relevant utdanning frå høgskule og/eller universitet. Særleg relevant erfaring kan kompensere for deler av kravet til utdanning
  • Relevant leiarerfaring herunder erfaring frå omstillingsprosessar, strategisk planarbeid, budsjettarbeid og økonomistyring
  • Dokumentert resultatoppnåing, gjennomføringsevne- og vilje
  • Erfaring frå sakshandsaming og offentleg forvaltning
  • Erfaring frå samhandling med tilsette sine representantar

Andre krav

  • Gode haldningar til samarbeid
  • Erfaring med plan- og utviklingsarbeid
  • Erfaring og gode resultat frå personalleiing
  • God økonomi- og budsjettforståing

Personlege eigenskapar

  • Du byggjer relasjonar og resultat gjennom involvering og medverknad
  • Du har stort engasjement for å utvikle tenester til innbyggjarar og arbeidsliv
  • Du skapar tydelege forventningar, prioriterer, gir støtte, utvikler og inspirerer medarbeidarar
  • Du kommuniserer godt skriftleg og munnleg
  • Du arbeider målretta og systematisk
  • Du har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
  • Du er nytenkjande og visjonær og er drivkraft frå idé til gjennomføring
  • Du er løysingsdyktig og har god gjennomføringskraft
  • Du er raus, fleksibel og open for endringar og nye initiativ som kan skape betre løysingar
  • Du har forståing for arbeids- og velferdspolitikken i eit samfunnsperspektiv
  • Du er tydeleg og strukturert
  • Du skapar gode samarbeidsrelasjonar internt og eksternt, og handterer dei leiarmessige utfordringane som er knytt til todelte leiarmodellen

Vi tilbyr

  • Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver innafor eit viktig samfunnsområde
  • Godt arbeidsmiljø og kompetente medarbeidarar
  • Ein sentral rolle i utviklinga av nye Ullensvang kommune
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter avtale

Vi er opptekne av mangfald og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal- eller etnisk bakgrunn. Den som vert tilsett må levera politiattest av ny dato. Stillinga er ledig frå 01.01.2020.

Spørsmål om stillinga kan rettast til prosjektleiar Ingvild Sperrevik Nav Ullensvang
kommune tlf. 970 98 764, eller regionleiar Bjørn Søvik tlf. 982 49 701.

Søk på stilling

Søknadsfrist: 08.12.19