Budsjettforslaget frå rådmann er no klart.

Vi legg ut ei økonomisk ramme på omlag 1,3 milliarder kroner i 2020 til beste for innbyggjarane og næringsliv i den flotte nye kommunen vår.

Det vert ikkje foreslått kutt i årsverk i år. Vi må bruka omlag 31 millionar kroner for å få budsjettet i balanse. Frå rådmannen sin ståstad har det vore eit viktig poeng å gi den nye kommunen ein god start, det har vore styrande for prosessen knytt til driftsbudsjettet.

For dei kommande åra må vi klara å effektivisera og henta ut gevinstar av samanslåinga. Dette vil vera ei prioritert oppgåve for rådmann i samarbeid med dei tillitsvalde og vernetenesta.

Investeringsoversikten har vore svært krevjande, tøffe prioriteringar har vore naudsynt, men vi legg ut forslag om omlag 200 millionar i investering i 2020.

No skal politikarane handsama budsjettet slik:

  • 2. desember Ullensvang formannskap.
  • 18.desember Ullensvang kommunestyre.