Tilsynsutvalet i Hordaland

SØKNAD OM MOTORFERDSLE

innan Hardangervidda nasjonalpark for vintersesongen 2020 evnt. fireårsperioden 2020 – 2023. 

Søknadane gjeld for Odda, Ullensvang og Eidfjord. Søknadsfrist 25. november 2019. 

Søknadskjema kan du finne på heimesida eller i ekspedisjonen til Ullensvang herad, Odda kommune og Eidfjord kommune. 

Hugs at alle opplysningane må vera med, har du byggjeløyve eller leigeavtale med hytteeigar/grunneigar, skal det leggjast ved kopi av desse. 

Mangelfulle søknader vert sende i retur. 

Alle søknader innan for nasjonalparken skal sendast til:

Tilsynsutvalet i Hordaland, Sandvikevegen 11, 5780 Kinsarvik eller på e-post til: tilsynsutvalet.hordaland@ullensvang.kommune.no 

Spørsmål kan rettast til Anne Gerd Nysveen tlf. 53 67 15 35. 

NB! Søknader som gjeld utanfor nasjonalparken , skal sendast til og avgjerast i den einskilde kommune. 

Me ber og om at dei som ikkje har returnert nytta og unytta løyve frå vinter- eller sommarsesongen 2019 gjer dette snarast.