Regionkoordinator – inntil 80% stilling

Hardanger/Voss kompetanseregion er i ein organisatorisk tilpassingsprosess, og søkjer regionkoordinator frå. 1.1. 2020.

Hardanger/Voss kompetanseregion

Hardanger/Voss  Kompetanseregion er eit regionalt samarbeidsorgan innan oppvekstsektoren for kommunane ( pr 1.1.20 ) Eidfjord, Kvam, Ullensvang, Ulvik og Voss. Kompetanseregionen tilbyr tenester til omlag 40 barnehagar, 30 skular/oppvekstsenter, 3 PPT kontor og 3 vaksenopplæringssenter. Samarbeidet skal bidra til å styrka kommunane  sin kompetanse og kapasitet innan oppvekstsektoren. Regionen har samarbeid med Høgskulen på Vestlandet om regionalt utviklingsarbeid  

Føremål for Hardanger/Voss kompetanseregion:
Å samarbeida om oppgåver som blir løyste betre regionalt enn lokalt.   

Informasjon om stillinga:

Regionkoordinator er pådrivar for utviklingsarbeid i regionen og har ansvar for å koordinera nasjonale føringar frå stat og fylke i Hardanger/Voss Kompetanseregion, i tett samarbeid med Styringsgruppa og dei andre undergruppene. Samarbeidet skal bidra til å styrka kommunane sin kompetanse og kapasitet innan oppvekstsektoren. Stillinga vil innebera reiseverksemd i heile regionen. Det kan vera aktuelt å kombinera koordinatorstillinga med anna arbeid/stilling i vertskommunen.

Samhandlingsarenaene er mellom anna:

Styringsgruppa, Barnehagegruppa, Grunnskulegruppa, Leiarforum PPT, Gruppa for vaksenopplæring og andre organisasjonar som t.d. Høgskulen på Vestlandet, Fylkesmannen i Vestland, KS, Statped Vest, Syns- og audiopedagogisk teneste Hordaland (SAPT), Vestland Fylkeskommune og Hardangerrådet.

Dine kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare utdanning med formell kompetanse innan skule og/eller barnehage
  • Erfaring frå å leia utviklings- og endringsarbeid
  • God kjennskap til offentleg forvaltning, gjerne frå oppvekstsektoren
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Leiarerfaring og/eller utdanning er ein fordel
  • Framtidsretta IT kompetanse

Vi ynskjer ein person som :

  • Er sjølvstendig og initiativrik
  • Er strategisk, strukturert og målretta
  • Har evne til å skape og oppretthalde nettverk
  • Er motiverande og nytenkjande
  • Byggjer kultur for samarbeid og har gode samhandlingseigenskapar

Ved tilsetjing vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar

Tilsetjingsvilkår: Løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar. Arbeidsstad etter avtale.

Nynorsk vert nytta som skriftspråk.

Spørsmål om stillinga kan rettast til regionssekretær Solgunn Wiik Bjørke, tlf 400 07 140

Søknadsfrist 03.11.19

Send søknad med vedlegg til regionssekretær Solgunn.W.Bjorke@ulvik.kommune.no