Kommunestyre konstituert

I dag onsdag 23. oktober vart kommunestyre for Ullensvang kommune konstituert – ei historisk hending. Roald Aga Haug (Ap) vart vald som ordførar og Kjellaug Hoås Samland (Ap) varaordførar. Kommunestyret i Ullensvang kommune består av totalt 33 folkevalde representantar.

Gard Folkvord (Ap) hadde fråfall i møte og Svein Myrheim møtte som vararepresentant for han. Foto: Sigrid Digranes Dagestad, Ullensvang kommune.