OBS! Avlesing av vassmålarar 2019 og endring av forfallsdato kommunale eigedomsgebyr (vatn, avløp, slam, feiing, renovasjon og eigedomsskatt)

På grunn av kommunesamanslåing vert forbruket av vatn og avløp stipulert i 2019 for dei som har vassmålar. Du treng altså ikkje rapportera inn vassmålarstand til kommunen i desember 2019. Har du spørsmål eller ynskjer rundt dette, ta kontakt med Odda kommune v/ Kari Selje tlf. 948 27 477 eller Ullensvang herad v/ Trude Osmo tlf. 906 34 760. Jondal kommune har lest av vassmålarar og er ferdig fakturert. 

Det vert endring på forfallsdato på kommunale eigedomsgebyr i Odda kommune på grunn av overgang til nytt system. Forfallsdato vert flytta frå 20. desember til 2. desember! Siste faktura i Ullensvang herad går som vanleg med forfall 20. november.