Ledig stilling som verksemdsleiar ved Røldal pleie og omsorg

Søknadsfrist: 13.10.19

Søk på stilling

Saksnr.

  • 19/973-2019013799
  • 2019013799

Me har ledig 100% fast stilling som verksemdsleiar ved Røldal pleie og omsorg frå d.d.

Odda kommune er ein endringsdyktig organisasjon som byggjer på brukarorientering, service, kvalitet og kompetanse, og me søkjer leiarar som er inkluderande, tydelege, målretta og utviklingsretta.

Me er på veg inn i Ullensvang kommune, og ynskjer ein leiar som kan utvikle Røldal pleie og omsorg inn i ny kommune.

Røldal pleie og omsorg består av Røldal sjukeheim med 10 langtidsplassar, i tillegg er det omsorgsbustadar, heimesjukepleie og eit bufellesskap for psykisk utviklingshemma.

Hovudarbeidsoppgåver for stillinga:

  • Verksemdsleiar har delegert personal-, budsjett- og fagansvar
  • Verksemdsleiar vil inngå i kommunalsjefens leiargruppe, og vil ha vide fullmakter knytt til fagleg utvikling av området
  • Verksemdsleiar rapporterer direkte til kommunalsjef helse og omsorg, og vil saman med denne vere ansvarleg for tenesta sitt resultat

Me søkjer ein utviklings- og framtidsretta leiar med gode samarbeidsevner og stor arbeidskapasitet.

Leiaren må vere ein strukturert og resultatorientert pådrivar som både ynskjer og har eigenskapar og kunnskap til å utvikle tenesta vidare.

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • Relevant høgskuleutdanning
  • Leiarerfaring og/eller leiarutdanning
  • Digital kompetanse

Eigenskapar:

  • Fleksibel, strukturert og effektiv
  • Godt humør og positiv innstilling
  • Gode kommunikasjons og samarbeidseigenskapar
  • Endrings- og utviklingsorientert
  • Personlege eigenskapar vert vektlagd
  • Løn etter avtale

Odda kommune kan tilby: 

  • Interessante arbeidsoppgåver og utviklingsmoglegheiter
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Opplysningar om stillinga får du hjå kommunalsjef helse og omsorg i Ullensvang kommune, Torbjørn Reisæter på tlf.: 918 67 274 eller på e-post: torbjorn.reiseter@ullensvang.kommune.no

Søk på stilling

Søknadsfrist: 13.10.19