Næringssjef er på plass

Inge Håvard Aarskog starta 23. september som næringssjef i Ullensvang kommune. Næringssjef er kommunen sin kontaktperson for næringslivet i kommunen. Næringssjefen skal vera eit koordineringspunkt mellom kommune og næringsaktørar, og skal initiera og følgja opp utviklingsprosjekt fortrinnsvis i samhandling med økonomisk verdiskapande og berekraftige verksemder.

I tillegg vil næringssjefen samhandle om kompetanse og næringsutvikling med fylkeskommune, næringssamanslutningar, næringshage og andre sentrale aktørar i utviklingsarbeidet i Ullensvang kommune.

Vi ynskjer Inge Håvard velkomen på laget, og lukke til i jobben!

Kontaktinformasjon:

  • Inge Håvard Aarskog
  • Mob: 948 01 823
  • E-post: inge.aarskog@ullensvang.kommune.no